Juleselskap

Share

I dag var det tid for storfamilien sitt juleselskap. Med storfamilie meiner eg i denne samanheng alle oss søskena sine familiar. Mor var samlingspunkt for oss, men ho døydde i mai, så no er eg den eldste av etterkomarane hennar.

Vi er fem søsken, når vi alle samlast med barn og barnebarn kan vi vere over sytti personar, men det er ikkje lett å samle alle, så i dag var vi 46 personar samla i Lyngdal, der søster mi bur. Det er lagleg mellom Oslo og Rogaland.

Etter kvart er det blitt mindre vanleg med juletrefestar. I Valle var det også i år juletrefest i menighetshuset og i Oveinang, men før var det juletrefestar i alle grendehus i alle skulekrinsar. Då søster mi i går var innom staden der vi hadde vårt juleselskap, var det juletrefest der, men dei var færre enn vi var då storfamilien samla seg.

Men unge og eldre fekk høve til å gå rundt, syngje julesalmar og juleviser, praten gjekk lett og oppgåver rundt småbord var fine for å trekkje med dei fleste i samtale. Så lyt ein tåle litt støy frå dei yngste, i kveld var den yngste bare eit par månader og den eldste over 70. Det er godt å kunne kome saman slik, elles vert det lett bare i gravferder ein møtest. Nå var det ikkje sorg over ein som hadde gått bort, men tvert om ei glede over å kunne vere saman og dele fellesskap og vennskap.

Så gjekk praten lett om laust og fast, nokre hadde mykje å dele, andre kunne lene seg tilbake og lytte. Ikkje bare om opplevingar i året som låg bak, men og om utviklinga i storfamilien, kven som bur her og der, kven som hadde lang reiseveg og difor ikkje hadde høve til å kome, kven som var på andre julebesøk og difor ikkje var med oss i år. Nokre har opplevd dramatiske ting i året som gjekk, for andre har livet vore meir på det jamne. Slike ting kan og delast i eit juleselskap. Og så er det mat, ikkje bare ein pose med appelsin og snop, men bugnande bord med koldtbord-oppdekking og kakebord seinare, kvar tek med seg litt, og så deler vi. Det blir litt oppvask og høve til skalkefest dagen etterpå, men triveleg er det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *