På lufta att

Share

I dag var det min tur til å ha sending, difor valde eg å ta ein telefon til Valle Radio sin tekniske sjef for å høyre om det var problem med teknikken. Onsdagskvelden i sist veke kom vi ikkje på lufta for å sende kommunestyremøte, og det var mange som ikkje var glade for det. Bjørgulv Straume kvo eit stev om det, det stod på trykk i Setesdølen fredag:

Valle Radio den kvelden skulka
då kommunestyre datt ut av lufta.
Reparatøra!! må vere i salen
så heimesitjaran høyrer talen!!

Jørund var ein tur i radioen for å kontrollere, og alt fungerte då eg kom for å kople opp til burmesisk halvtime.

Så gjekk det litt tid, vel eit kvarter ut i sendinga fekk eg telefon frå Britta Lise om at nettradioen var nede. Den fekk eg ikkje opp att, så eg tok ein telefon til Jørund igjen, og då synte det seg at maskinen som sender til Internett hadde mista forbindelsen til Internett. Jørund ordna det på magisk vis, så kort tid etter klokka seks var vi på nettradio att og resten av kvelden fungerte teknikken.

Vel heime såg eg om lag klokka 23 at Torunn Charlotte Nyberg Lund hadde kommentert dagens sending på Facebook med desse orda: Burmesisk halvtime er bra! Akkurat det same tenkte eg då eg sat og var teknikar for Eh Ka Mwe Sein og Htoo Thaw David. Dei er flinke, eg lagar nyhetene som dei les opp det første kvarteret av halvtimen, så er det ein sang og ein andakt før vi avsluttar med ein ny burmesisk sang.

Eg tenkjer at det er strålande å sjå korleis burmesarane i Valle og Bykle finn seg til rette i bygdene våre. Dei yter på mange ulike måtar. Då er det veldig flott å kunne gje dei litt sendetid i radioen slik at dei kan få høyre lokale nyheter frå Setesdal på sitt eige språk. Den utvidinga av programmet i Valle Radio er eg glad for å ha fått til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *