Rimeleg jolegåve

Share

I går var det tid for å oppsummere markeringa av Grunnlovsjubileet 2014 i Valle Radio. Vi hadde ein programserie om det i vår, men i haust har vi ikkje gått vidare på markeringa før i går kveld. Då kom Leonhard Jansen i studio for å fortelje om eit hefte som Setesdalsmuseet gir ut no i haust: Setesdal, setesdølar, Eidsvoll og 1814. Det er på knappe 50 sider og kostar 99 kroner. Heftet er trykt i 1000 eksemplar og er gjennomillustrert.

Bakgrunnen er at Leonhard var rundt mange stader og heldt foredrag i samband med jubileet. Dermed enda han opp med mange siders manuskript og kvar stad vart det endra litt med nye opplysningar som dukka opp. Museet laga ei utstilling i høve jubileet, den skal stå også neste år. Men ikkje alle bileta dei hadde, høvde i utstillinga, så då enda dei opp med å ha stoff nok til å kunne gjennomillustrere eit hefte med tekst av Leonhard.

Heftet har desse avsnitta:
Frå idé til formidling av Anna Stella Karlsdottir
Rundt 1814
Forspelet rundt 1814 – krig og naudsår
Eidsvollsmennene frå Setesdal
Februar og mars 1814
Eidsvoll 1814
Til slutt
Litteraturliste

I samtalen i radioen fortalde Leonhard om bakgrunnen og litt om stoffet i heftet. Det vart som vanleg ein triveleg time, til opplysning for både programleiar og lyttarar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *