Salmeboka minutt for minutt

Share

Eg var nok ein av dei som brukte mange timar framom TV første helga i advent 2014. Det var fascinerande å få vere med på Salmeboka minutt for minutt.

Sundagskvelden var det eit program på NRK1 der nokre adventssalmane frå programmet vart presenterte. Det vart eit sterkt gjenhøyr med programmet.

Då programmet starta fredag før første søndag i advent, var eg på veg til Mandal, difor fekk eg ikkje med meg adventsalmene, og i grunnen fekk eg bare med meg litt av starten, slik P2 rapporterte det. Men etter å ha høyrt programmet sundagskvelden, tenkte eg at eg kunne gå inn på nrk.no og få med meg noko av det som eg ikkje hadde høyrt.

Det undra meg litt at eg fann det like fascinerande å sjå programmet i ettertid. Men det er flott å sjå musikarar i samspel og å sjå kora som smiler og strålar og utsynet over kyrkjeromet der kyrkjelyden syng med. Det var Nidarosdomens oratoriekor og jentekor som opna salmemaratonen, og dermed fekk vi noko av det beste vi har på denne typen sang.

Det har vore forska på korsang. Då fann svenske forskarar ut at folk som syng i kor, pustar likt og etter kvart vert hjerterytmen lik når dei syng. Eg trur det fungerer nokså likt i allsangen også. Når ein er aktiv i allsang og vågar å synge ut, er det helsefremmande. I eit intervju med kulturminister Torhild Widwey i samband med programmet kom det fram at ho gjerne song saman med venner når dei kom saman.

Det var fascinerande å sjå unge og gamle saman i sang, frå jentekor til pensjonistkor. Ta gjerne med deg litt av desse programma og høyr dei i ettertid, det er flott å høyre salmesang i staden for popmusikk.
http://tv.nrk.no/serie/salmeboka-minutt-for-minutt/DMLS00000214/sesong-1/episode-2#t=1h25m29s

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *