Teknisk problem igjen

Share

I går då eg slutta av tysdagssendinga, kom P4 inn som vanleg. I dag då eg starta bilen, var også P4 der.

Men då vi starta sendinga i kveld, kom det fort telefonar om at folk i Valle og på Rysstad ikkje kunne høyre radio, men måtte på Internett. Det var ikkje anna råd enn å ringe Jørund i kveld igjen, for så langt vi kunne finne ut, var alt i orden hos oss.

Ettersom folk i Bykle og Trydal kunne høyre sendinga, måtte det vere ein feil på Ljom som gjorde at ein i Valle ikkje fekk inn Valle Radio. Difor valde Rolf Erik og Henry Tore å droppe opi sending. Men eg hadde mitt program slik det var sett opp.

For meg vart det ein lett kveld. Ein halv times prat med Wenche Gundersen, som hadde med seg budsjett for neste år, slik det var vedteke av formannskapet i dag og slik det kjem til å sjå ut når kommunestyret skal handsame det 17. desember. Vi får håpe at sendinga vår kjem på lufta då.

Jørund ville ta ein tur til Ljom i helga og sjå om han kunne finne ut kva som kunne vere feilen der. Om den vert retta opp, bør eg kunne ha tysdagssending att neste tysdag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *