Setesdalslaget i Amerika

Share

Setesdalswiki har ein liten artikkel om Setesdalslaget i Amerika. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalslaget_i_Amerika

Det er og ein artikkel der om den første presidenten i laget, Bjørgulv Drengson Bjørnaraa, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Bj%C3%B8rgulv_D._Bj%C3%B8rnaraa

Bjørgulv var utdanna lærar frå Norge før han emigrerte, og han heldt fram som lærar og bonde i USA, men etter kvart vart han meir ein organisasjonsmann og inspirator. Medan mange av bygdelaga i USA var sterkt influerte av prestar, var Setesdalslaget, der han var leiar i 32 år, i mindre grad prega av prestestyre, heiter det i ein omtale av laget.

Det hadde vore interessant om nokon kunne skaffe informasjon om andre setesdølar som spelte ein rolle i USA, så kunne vi få artiklar også om desse.

Artikkelen om Bjørgulv er basert på stoff i Heimar og folk i Bykle.

Om bygdebøker

Share

Tysdagskvelden var Chris Nyborg i studio og fortalde om digitaliseringa av Heimar og Folk i Bykle som han har hatt ansvaret for på Lokalhistoriewiki nokre månader. Onsdag vart den digitale versjonen offisielt lansert på Bykle kulturkafe, og torsdag var han i Bykle kommunestyre for å orientere om kva dei har brukt pengar på.

Kva har dei så brukt pengar på? Fem bind bygdebøker er lagde inn på Lokalhistoriewiki.

Dei feila som ein har fått vite om, er korrigerte, så verket er meir korrekt enn dei trykte bøkee. I tillegg er det no høve til å oppdatere tekstar og å legge inn bilete. Bøkene kom i 2008, på åtte år har det jo skjedd ein del, så i teorien kan ein etter kvart få eit heilt oppdatert bygdesogeverk frå kommunen øvst i Setesdal.

Ein kan legge inn galleri av bilete frå kvar gard, noko slikt kunne ein ikkje få til i dei trykte bøkene.

Chris fortalde levande om korleis det no er høve til å lenke mellom stoffet, slik at ein lett kan trykke på ei lenke og kome til garden som ein familie flytta til. Verket er orientert ut frå dei 18 gardsnummera i Bykle, men det er jo mange bruksnummer, og målet har vore å få med alle folka som har budd i alle heimane i kommunen. Difor er det også teke med bygningar som hotell og butikkar om nokon har hatt fast bustad der, Hovden Høyfjellshotell og Hovdestøylen er med, det same er Samvirkelaget.

Bykle er den første kommunen i landet som har gjort noko slikt. Men Tinn kommune ser ut til å kome etter, likevel på ein annan måte enn Bykle, for Tinn si bygdebok sluttar på 1800-talet, så der har historielaget teke på seg å skrive direkte inn på lokalhistoriewiki om det som har skjedd sidan. Det arbeidet er ikkje kome i gang, men det er laga ein avtale om det. Mange byklarar har linjer til Tinn, så når dette også vert lagd inn, vil ein kunne lage lenker mellom kommunane.

Valle er jo den kommunen som har tettast hopehav med Bykle, dei var ein kommune i ein periode, dei har alltid vore eitt prestegjeld. Difor hadde det vore flott om Valle kommune sine bygdebøker også hadde blitt lagde inn på lokalhistoriewiki, dei er 20 år gamle og treng sterkt til oppdatering. Ei digital oppdatering ville vore svært nyttig.

Velvilje

Share

Når vi skal lage program i Valle Radio, er vi avhengige av velvilje. Det opplevde eg endå ein gong i går kveld då eg måtte lage programoppsett i ein fart. Det som hadde vore på planen lenge, måtte gå ut på grunn av sjukdom.

Først ringte eg Tarald Myrum, han svara ja, sjølv om stemmen ikkje var god, han hadde hatt ein runde med influensa og gjekk framleis på antibiotika.

Så ringde eg Bjørn Ropstad. Han var på tur, og på den tida eg ville ha han med i radioen, var han utan mobildekning. Men han ville ringe tilbake og melde frå om fasttelefonen der han var, slik at eg kunne nytte det nummeret. Litt før halv sju var han på tråden med fasttelefonnummer. Det er nok lurt av Telenor å halde på dei fasttelefonabonnentane dei kan ha, mobildekninga er ikkje fullkomen alle stader i Indre Agder.

Begge dei to ordførarane presenterte dei respektive listene som no var sette opp. Etter praten i radioen ba eg om å få listene tilsendt for å legge dei ut på Setesdalswiki, og det fekk eg. I går la eg ut SP-lista i Valle på bloggen, her er lenke til KrF-lista i Evje og Hornnes: http://www.setesdalswiki.no/wiki/KrF-lista_i_Evje_og_Hornnes_2015

Dei to innslaga var ikkje nok til å fylle heile timen, så eg tok ein telefon til banksjef Vidar Homme og spurte om han kunne kome i studio og fortelje om prosjektet dei dreg i gang med å samle inn filmar frå Valle med tanke på å lage ein film til jubileet neste år. Han skulle i skibakken på trening med ungar, men om han kunne kome kvart på ni, så var det ok. Det var ok for meg og, så dermed vart det slik.

Eg er svært takksam for velviljen eg møter når eg skal lage program til Valle Radio.

Planen min for bloggen i kveld var å skrive om Heimar og folk i Bykle. Internettversjonen er no offisiell, det skjedde i går i ein presentasjon på kulturkafeen i Bykle. Ein tilsvarande presentasjon skulle Chris Nyborg halde i Bykle kommunestyre i kveld, så eg sette på radioen for å høyre klokka 18. Men det var bare P4, så eg fekk ikkje høyre noko av det han fortalde til kommunestyret. Dermed kjem eg tilbake i morgon og skriv litt om besøket hans i Valle Radio tysdagskvelden.

SP-lista i Valle 2015

Share

I kveld kom ordførar Tarald Myrum i studio i Valle Radio for å presentere lista som nominasjonsmøtet til Valle senterparti vedtok på møte måndagskvelden 26. januar 2015. Han kunne opplyse at partiet så vidt har kome i gang med programarbeid, målet er å få det i trykken før sommarferien. Bare to av dei som no er med i Senterpartiet si gruppe i kommunestyret har blitt med vidare, det er han sjølv og Margit Dale. Elles er det ei blanding av unge og eldre kandidatar til valet.

Det er ei glede å kunne presentere lista også her på bloggen:

1. Tarald Myrum
2. Tarald Myrum
3. Åse Ingebjørg Flateland
4. Åse Ingebjørg Flateland
5. Tor Espen Helle
6. Margit Dale
7. Georg Sørmo
8. Malmfrid Nyborg Homme
9. Stein Føreland Straume
10. Ketil A. Homme
11. Torbjørg Hovet
12. Lars Tarald Myrum
13. Liv Gyro Brokke Homme
14. Henri Tore Viki

Det vart bare ein kort visitt i studio denne gongen, Tarald fekk seg ei kraftig forkjøling på turen til Vinje for å sjå på hytteturisme sist veke og har vore sjuk sidan då. Så han skunda seg heim att etter å ha presentert lista.

Nyhetene som ikkje kom på lufta

Share

Tysdagskveldane har vi burmesisk halvtime i Valle Radio klokka 17.30. Då presenterer vi nokre nyheter på burmesisk, som regel finn eg dei i avisa og skriv ned manus til Eh Ka Mwe Sein og Htoo Thaw David, som les dei frå studio i Valle. Men i kveld kom dei ikkje på lufta.

Grunnen var at det var gjort nokre endringar i oppkoplinga mot Bykle, og vi fekk ikkje tak i Jørund Georg for å få hjelp til å kople opp før nærare klokka 18. Då gjekk vi over på norsk sending, så nyhetene som skulle vore på burmesisk, får du på bokmål her på bloggen i kveld:

Kulturkafe i morgen
I morgon er det kulturkafe i Bykle samfunnshus. Der skal ordfører Jon Rolf Næss markere Friluftslivets år og Anders Tveit skal vise bilder fra norsk natur. Det blir også informasjon om bygdebøkene for Bykle, Heimar og folk i Bykle, som nå ligger på Internett.
Skihopp
Laurdag skal de opne de minste Trollbakkene på Evje. Alle kan hoppe på ski der, og banken betale 5 kroner for hver meter som blir hoppet. Det skal også være aking, og da skal politiet måle farten med radar på de som aker.
25 personer
I fjor ble 25 personer tatt for fyllekjøring i Setesdal., tre mindre enn i fjor. Halvparten av dem ble tatt på Hovden, det er jo der det er mest folk. Politiet vil ha fleire kontroller i år.
Innbrudd
I alt hadde politet 425 saker i 2013, men bare 397 i 2014. 200 av disse var tyveri. Innbrudd i hytter er vanskelige å oppklare, for de blir ikkje oppdaget så fort og når de blir oppdaget, er det vanskelig å finne spor for politiet. Et innbruddsraid på Evje i desember med 15 innbrudd ble oppklart og 5 personer ble tatt, de fleste var frå Evje-området.
Kinoen på Evje
Var nummer to av bygdekinoer i fjor. Vel 3200 mennesker var på Evje kino i 2014.
Basar
Torsdag arrangerer 9. klasse i Valle basar i menighetshuset. Da kan vi kjøpe middag der, de har suppe og rundstykker, kaffe og kaker. Førstegevinst er en iPod, og pengene skal de bruke til klassetur neste år.
Pernille
Kafeen på Evje skal bli ny og har derfor stengt noen dager. Om vel to uker, 14. februar, skal det være opning av den nye kafeen.

Kjell Ingolf i Valle Radio

Share

I morgon kveld klokka 18.30 vil Kjell Ingolf Ropstad vere med på telefonen i Valle Radio og fortelje frå turen han har hatt i USA med justiskomiteen.

På Facebooksida hans har han nokre små innspel frå turen:

22. januar
Møte med FBI og organisasjoner som kjemper mot menneskehandel. Anslår at man tjener $ 670.000 i året på en prostituert. En brukerdose kan du bare selge en gang, et menneske kan du selge om og om og om igjen.. Vår tids slaveri!

20. januar
Kan ikke nekte for at dette besøket blir artig. — på Google Mountain View office.

19. januar
Feirer Martin Luther King day og har hatt besøk av Nancy Pelosi,
tidligere Speaker i Representantenes hus i USA. Stas! — i San Francisco, California.

Kari Henriksen var og med på turen. Ho skreiv dette på Facebooksida si 20. januar:

Flott seminar i dag. Var hos generalkonsulen og hadde ti gjester, en advokat som hadde jobbet mot dødsstraff og for avkriminalisering av Marihuana hele sitt liv. Straffeloven var helt urimelig på flere punkter, det var unge, svarte og brune, som ble satt i fengsel. De kom nok mange fra dem jeg så på vei inn til byen i går. Det var også en norskættet spesialetterforsker, special agent, i narkotikapolitikk der. De hadde forskjellig syn saken, men vi fikk lære masse om hvordan rettssystemet fungerer. Og så kom Nancy Pelosi på besøk! USA s mektigste kvinne, rundt 75 år gammel. Engasjert, hyggelig og politisk. Snakket om arven etter Martin Luther King, hun var med på marsjen for 51 år siden, hun tar nå bra og barnebarn med seg for at de skal lære. Det er vanskelig å forstå for dem i dag, hvordan det var. Om litt skal det være marsj i Selma, og dit skulle hun. I dag var det nemlig Martin Luther King dag, fridag med masse arrangementer rundt omkring. Etterpå tok jeg meg en tur med hopp på hopp av buss, satt oppe og tiner meg nå under dyna, men kjørte over Golden Gate broen og kjørte gjennom Tenderloin distriktet, der jeg kom i går, teaterdistriktet, var såvidt innom Japandistriktet. Gatene går opp og ned, skal kjøre cable car før jeg kjører hjem! her er link til mer om henne: http://no.m.wikipedia.org/wiki/Nancy_Pelosi

Så eg reknar med at det blir litt å snakke om i morgon kveld.

Program for veke 5, 2015

Share

Her er programmet for komande veke. Om du ser på onsdag, har vi ein gjesteansvarleg, eg skal vere med frå teknikarplass og Ragnar Asphol skal fortelje om opplevingar i naturen, det må vel passe godt i Friluftslivets år.

Tysdagskvelden står mellom anna Heimar og folk i Bykle på lista over tema vi skal ta opp i den aktuelle timen. Meir vil du finne når sida for programmet blir klar på Setesdalswiki.

Tysdag 27. januar

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time
19.30 Bibeltime
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 28. januar

Gjesteansvarleg: Ragnar Asphol
Teknikar: Harald Haugland

19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Frode Buen
20.00 Ragnars time
21.00 Opi sending ved Rolf Erik Homme og Henri Tore Viki

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Sangkveld med gospel

Share

Tysdag laga eg eit lite minneprogram med nokre av Andrae Crouch sine songar. Den amerikanske pastoren, songaren og komponisten som døydde 8. januar, hadde stor påverknad på gospelsang i Norge. Då eg var rektor på Hadsel Folkehøgskole, brukte vi songane hans i skulekoret. Ein av elevane frå den tida skreiv på Facebook: Nå har du fått møte ham. Kvil i fred Andraé Crouch

Nokre av desse songane kom til meg og vart grunnlaget for programmet:

*Tvers: «Soon and very soon» frå ”Tvers synger Crouch” 4:36
*Andrae Crouch: «I don’t know why» frå ”Platinum praise collection”. 4:54
*Eirik Sukke: «Jesus is the answer» frå ”Adoremus”. 4:06
*Sissel og Oslo Gospel Choir: «To God be the glory» frå ”De beste 1986 – 2006”. 4:53
*Andrea Crouch: «Hallelujah» frå ”Legends of Gospel”. 2:22

Nokre av kommentarane hadde eg frå Olav Solvangs artikkel: http://www.vl.no/meninger/fullf%C3%B8rte-gospelkallet-1.309731

Og så kunne musikken seie resten.

Nordisk Strikkesymposium

Share

Onsdagskvelden 21. januar var Annemor Sundbø med på telefonen. Ho fortalde om Nordisk Strikkesymposium som skal vere på Revsnes Hotell 28. juni -4. juli. Ei heil veke til endes skal strikkeglade folk frå heile verda kome saman og oppleve Setesdal med strikkepinnar. Annemor, Signe Sollien Haugå og Signe Arneberg er komite, seminaret vert arrangert i samarbeid mellom Bygland Husflidslag, Norges Husflidslag og Gavstrik i Danmark.

Annemor var svært glad for at dette seminaret no att kom til Norge, det har vore arrangert i 15 år rundt om i Norden, men det er 13 år sidan sist det var i Norge, då var det på Agder Folkehøgskole i Søgne. No er interessa for strikking svært stor, så pågangen for å få vere med har vore stor. Det er plass til 120 personar, av omsyn til transport med bussar og Bjoren kan det jo ikkje vere så mange, og hotellet har jo og noko avgrensa kapasitet. Men om ein ikkje blir med på heile kurset, kan ein kjøpe billett til foredrag ein finn interessante. Ta kontakt med Annemor om du er interessert. Du finn henne på http://annemor.com/kontakt/kontakt.htm

Endeleg program er knapt ferdig, men her er noko av dei foredraga ein kan få med seg:

Annemor Sundbø: Vår nordiske koftefamilie
Signe Århus: Oleana – et industrieventyr
Toril Finsrud Velure: Fanatrøya
Tone Loeng: Koftegruppa – et Facebook-eventyr
Arne&Carlos: Strikk fra Setesdal
Lita Rosing: Islenderen
Jeanette Rönnqvist-Aro: Korsnäs-tröjan – finsk-svensk lusetrøye
Stella Ruhe: Nederlandske fisketrøyer
Karin Brattaberg: Færøyske skipstrøyetradisjoner
Anne Sinclair: Fair Isle tradisjonsstrikk
Riina Tomberg: Strikketradisjoner og slektstråder i Baltikum
Kerstin Paradis Gustavsson: Trøyer fra områder i Skåne

I tillegg til desse plenumsforedraga vert det mange kurs, mellom anna i løyesaum, og ekskursjonar. Naturleg nok vil ein besøke Ose, der er det marknad og utstilling, men ein vil og ha turtilbod til Setesdalsmuseet.

Her kan du lese meir og sjå bilete frå tidlegare symposium: http://www.gavstrik.dk/side.asp?Id=64451

Lysløypa i Brokke er flott

Share

Tittelen på denne bloggposten kunne kanskje få deg til å tru at eg har vore på ski. Det har eg ikkje, og eg kjem heller ikkje til å gjere det.

Men rådmann Eivind Berg kom rett frå lysløypa til Kommunen informerer i går kveld, og då nytta han høvet til å seie fine ord om lysløypa, som han prøver å bruke så ofte som råd. Prepareringa er prima, løypekjøraren gjer ein kjempegod jobb, og sjølv om han helst ser ryggen på folk, ser han at han ikkje er aleine der. Mange nyttar løypa til ulike tider på dagen.

Sjølv er han med i ei gruppe på kommunehuset som har meldt seg på til HovdenTour, kort løype på 22 km, det får vere nok, han har aldri gått Sesilåmi og har ikkje planar om det, sjølv om lengre turar er ok, så held det med eit par mil om det skal vere meir oppleving enn slit.

Enno er ikke snøtilhøva slik at han kan gå noko særleg på ski i Berg, snøen er for laus til å ta seg fram i. Men når det lid litt lenger fram på vinteren, kan turar til Bossbu og Stavskar også vere aktuelle. Heile familien set stor pris på å kunne vere i Berg, så det vart ein tur dit i romjula etter tradisjonell feiring heime i Kristiansand.

I dag var rådmannen med i ei gruppe som reiste til Vinje for å sjå på hytteturisme slik det har blitt utvikla i Telemarkskommunen. Plankontoret Hallvard Homme har vore engasjert i ein del av dette, og no ville 14 personar frå Valle få meir kunneskap om dette, kan hende kan noko av konseptet tilpassast den kommuneplanen som skal bli handsama i kommunestyret før sommarferien, rulleringa er noko forsinka i høve til tidsplanen, den skulle vore rullert i 2012, men no kjem den og vert eit godt hjelpemiddel i sakshandsaminga. Med ny plan slepp ein å gje dispensjasjonar, for då er dagens situasjon når det gjeld plan- og bygningsloven oppdatert, fortalde Berg.