Årsoppgjer

Share

Året som gjekk, vart nokså spesielt i Valle Radio. Den som tek seg tid til å gå gjennom bloggskrivinga mi, vil nok sjå litt frustrasjon over at vi kom så seint i gang i haust. I tillegg hadde vi onsdagssending bare annankvar onsdag, så det vart ikkje mange onsdagskveldar med sending. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_program_hausten_2014

Grunnen til at vi kom seint i gang, var at lynet slo ned i sendaren i Åmli, den dekker Valle-bygda, så vi valde å vente til den var reparert før vi starta opp i haust. Ei anna endring i 2014 var at vi gjekk over til å starte klokka 19 på onsdagskveldane. Nyhetstimen frå 18 til 19 gjekk ut, men mange kveldar vart det i staden lagt opp til nyhetstime frå 20-21.

Men det er aldri så galt at det ikkje er godt for noko. Eg fekk godt høve til å ha nyhetssendingar på tysdagskveldane, særleg i haust då det ikkje var onsdagssendingar kvar veke. Når det var onsdagsprogram, tok eg omsyn til det, men når det ikkje var onsdagsprogram, kunne eg nokså fritt lage nyhetsprogram på tysdagane. Det er eg takksam for, eg likar å lage nyhetsprogram i Valle Radio.

Det som eg likevel synest er flott, er at vi i haust har fått til å ha burmesisk halvtime i Valle Radio. Eg finn nyheter saman med dei to burmesiske programleiarane, det dekker 15 minutt, og så har vi ein andakt på burmesisk. Når vi veit at det bur nærare hundre personar som snakkar burmesisk i Setesdal, synest eg det er flott at vi har fått til dette.

Endeleg har vi fått til nokre forsøk med å legge ut lenke til sendingane på internett. Om vi klarar å få det til, vil folk kunne høyre programma våre også i ettertid.

Eg vonar at vi framleis klarar å halde drift i Valle radio. Det blir mitt nyårsønske her på bloggen.

Godt nytt år.