Hålkeføre

Share

Denne veka har det vore hålkeføre i Valle. Det er så ein evar seg for å trø på isen, ein veit aldri om ein plutseleg ligg på ryggen midt i vegen. Det er heldigvis ikkje bare i Setesdal folk har problem, eg høyrde ein reportasje i NRK om korleis folk gjekk på hålka, og det var tydeleg at folk hadde respekt.

Setesdalswiki veks og runda eit nytt hundretal no på nyåret, 20 dagar etter sist gong. Det er ikkje alltid grunnlag for så lange artiklar, men ein liten start kan verta utvida med tida.

I dag skreiv eg om dei to arkeologane som saman med Leonhard Jansen var redaktørar for Spor i Setesdalsjord, boka om arkeologiske funn i Setesdal siste hundre åra. I går fekk vi ein artikkel om festskriftet som vart laga då Setesdal ungdomsskule var 50 år. Mange gjæve folk hadde skrive i det, og vi har artiklar om nokre av dei. Ofte er det slik at ein artikkel skapar spørsmål etter informasjon om noko som er omtalt i artikkelen. Så må ein på leiting for å finne svar.

Det kan kjennast som om ein er på glattisen nokre gonger, men så får ein stole på kjeldene og vone at ein kjem i mål etter kvart. Men meir enn ein gong undrar eg meg over kor vanskeleg det er å finne biografiske opplysningar om folk. Det vert sagt at med nettet kan ein finne alt mogleg, men det er ikkje tilfelle. Det som trengst for å skrive ein liten biografi er ofte vanskeleg å pusle saman.