Heieplanen

Share

Heieplanen var eitt tema vi var innom då eg tysdagskvelden hadde med meg fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund i Valle Radio. Det var litt interessant å høyre han fortelje om arbeidet med å få til denne planen, som gjer det lettare å leve med at kommunane i Setesdal har kontroll på areala som vert nytta av Europas sørlegaste villreinstamme.

18 kommunar og fem fylkeskommunar skulle verte samde om planen, og eitt av problema var at to fylkesmenn hadde innsigelse mot planen. Dermed måtte det mekling til, og Bjørgulv var med i meklinga hos statsråd Solhjell. Han valde først å legge seg på linje mellom fylkesmennene og resten, men det hadde Bjørgulv og dei andre liten sans for. Dei meinte at fylkesmennene var staten sin representant, og då kunne ikkje kvar fylkesmann ha si meining, dei måtte tale som ein representant. Dette synet vann fram og statsråden snudde, det berømma Bjørgulv han for i samtalen vår.

Eg kommenterte at Kay Jeiskelid hadde sagt at ein opplevde at grensa for villreinen gjekk på den gule stripa på riksveg 9, og då smilte Bjørgulv og sa at før heieplanen kom, vart det opplevd slik. Det kom innsigelsar av omsyn til villreinen stadig vekk, og ein kunne ikkje forvalte areala i kommunane på ein god måte. Etter at ein fekk planen, forsvann innsigelsane, no må alle halde seg til den. Den betyr mellom anna at ein ikkje kan drive næringsverksemd i områda som er avsett til villreinen, men ein kan bygge opp att støyler og buer som er dokumenterte at dei var tidlegare.

I Valle kommune er nærare 70% av arealet innanfor det som er villreinområde, og også noko av Bjørgulv sin eigedom fall innanfor, den gjeld på både austhei og vesthei. Men no er det orden, det har planen gitt rom for.