Uver

Share

I dag vart Sør-Norge råka av uver. Eg var i Mandal, vi sat utan straum i over fire timar frå før klokka 17 til etter klokka 21, men då vi hadde fått straumen, høyrde vi på nyhetene at det var 10.000 som framleis var utan straum.

Å sitje fire timar i stearinlys utan tv og data får ein til å tenke på kor avhengige vi er blitt av elektrisk straum. Vi snakka om korleis livet måtte vere for dei som levde i ei tid utan straum. Rett nok var dei tilpassa det, men det kjennest noko utenkeleg for oss i dag.

Eg sat og dorma litt og såg ut av vindauga mot Tregdevegen der eg bur. Eg trur eit tre hadde falle over vegen, for bilar måtte rygge og snu, og etter ei stund kom ein traktor og stod i vegen med roterande gule lys. Men eg gjekk ikkje ut for å sjå, det regna og bles slik at det frista ikkje.

Når vi er utan straum, har vi heller ikkje telefon, og mobiltelefonen fall og ut, men då straumen kom att og vi fekk kontakt med omverda, snakka vi med Helge i Oslo. Han minna oss om at meterologen hadde sagt at folk burde halde seg heime, så han meinte eg hadde gjort rett.

Heldigvis har vi vedomn, så då varmepumpa stoppa, kunne vi fyre. Det var og stearinlys, det har eg ikkje i Valle, så fire timar utan straum der hadde vorte både mørkt og kaldt etter kvart.

Litt interessant at Setesdal Regionråd i siste veka peika på at det har vore for mange straumbrot i Setesdal i 2014, slett ikkje alltid under så ekstreme vertilhøve som i dag.