Honnør

Share

I kveld vil eg gje honnør til brøytebilsjåførar og andre som held vegane oppe når det er uver og snøføyke. Eg kjørte oppover riksveg 9 i kveld, hadde sett på facebook i i lesarbilete hos Hengelåsvennen at det hadde vore mykje ver oppover i dalen i helga, så eg var spent på korleis det skulle gå.

Men vegen var svart asfalt til Evje og godt vinterføre vidare heilt opp til Valle, Leitebakken var fin, det var vegane elles i Leite og, så plutseleg stod eg parkert som eg pleier. Då sende eg brøytefolka ein vennleg tanke, dei låg nok og sov, i morgon tidleg er dei ute att for å gjere klart til at vi kan kjøre på jobb, parkere bilane på parkeringsplassar som er nybrøyta og fine, i det heile, slik at samfunnet kan fungere også i krevjande periodar.

Honnøren går og til dei som syter for at straumen kjem tilbake, dei må ut i alt slags ver og terreng for å rydde og sikre. Har eit tre falle over ei linje, må dei fram med motorsaga, slite og dra for å få det bort og reparere linja.

I går skreiv eg om trafikken som vart hindra utanfor oss i Tregdevegen. I dag såg eg at eit tre hadde vore i vegen, men nokon hadde kutta det og fjerna greinene, slik at trafikken kunne kome forbi. Eg er sikker på at det har vore ei krevande helg for mange som har oppgåver av tilsvarande art som eg har omtalt her, og vil gje honnør til dei alle.

TAKK!