Reiseliv

Share

I kveld sat og las om Ivar Aasen sitt reiseliv. Han reiste i ei tid utan bilar og fly, han brukte båt, tog og eigne føter i tillegg til hesteskyss. Medan Marco Polo reiste 24000 km, reiste Ivar Aasen over 25000 km, har Ottar Grepstad rekna ut. I boka Historia om Ivar Aasen fortel han om reisene.

Å vere på reisefot støtt og stadig må vere uvanleg slitande. Ei av elevane mine var i Thailand i jula og besøkte si mor på 70 år i ein flyktningleir der. -Det var godt å kome heim att til Valle, sa ho. -Borte bra, men heime best. Så smilte ho, vel vitande om at det var eit ordtak vi hadde snakka ein del om i norsktimane då ho var eleven min.

Men Ivar Aasen var på reisefot i 26 år, dei første åra etter at han i 1842 la ut frå Sunnmøre hadde han heller ikkje nokon fast bustad å vende tilbake til. Det vart lange periodar på ulike stader i landet. Sidan etablerte han seg i Oslo, men stadig måtte han på reisefot, han kunne jo ikkje ta ein telefon for å forhøyre seg om dei orda han grunna på.

Alle som har vore på reise likar turen første gongen, kanskje til og med femte gongen er ok. Men etter kvart går ein lei av hotellmat og ønskjer seg tilbake til eit normalt liv. Kor lei måtte ikkje Aasen bli av å sove hos folk rundt om i landet midt på 1800-talet. Sjølv om han tok inn hos prestar og lensmenn og altså hadde det litt betre enn hos bønder og husmenn, må det ha vore ei stor påkjenning. I boka står det at han gjorde unna turen mellom Homme og Kristiansand på seks dagar, det er 170 km, så han gjekk om lag 30 km kvar dag. Seks km i timen i fem timar, så snakke med folk, skaffe seg losji, skrive opp referat frå samtalar, systematisere det han fann.

Reisene tok han sommarstid, frå våren til snøen kom, men like fullt må det ha vore ei stor belastning. Grepstad skriv at han gjekk lei etter to år, dei 24 siste åra reiste han fordi han måtte, ikkje fordi han hadde lyst.

Dagens reiseliv kan ikkje måle seg med det han gjennomførte, men så skapar ikkje mine og dine reiser eit nytt skriftspråk heller.