Ingebjørg Vegestog i Valle Radio

Share

I går fortalde Sigurd Haugsgjerd om dei første åra i Setesdølen då Ingebjørg Vegestog Homme framkalla filmane han tok og sende bileta med bussen til trykkeriet i Kristiansand.

I dag møtte eg henne på butikken og fortalde om det Sigurd hadde fortalt i radioen. Ho hadde ikkje høyrt på programmet, men då eg spurde henne om ho ville kome i radioen og fortelje om dette frå si side, var ho villig til det. Ho måtte bare på vallemal.no først, men det var slutt klokka 20.

Ho fortalde levande om korleis det var for henne, ho fekk filmane tilsendt, og så framkalla ho dei om kvelden og stod og venta på bussen halv sju på morgonen for å sende bileta til byen. Gleda ved å sjå bileta kome fram i mørkeromet, kunne eg dele med henne. Den første tida på 50-talet hadde ho ikkje forstørringsapparat, men då det kom, vart det mykje fotoarbeid på henne. Ho tok bilete og laga små kopiar som unge kunne dele med vener og ho fotograferte gamle bilete. Så lenge det var tale om svart-kvitt heldt ho på, men ho framkalla aldri fargebilete. Ho fotograferer framleis, men ho er ikkje på data, så om ho tek bilete no, blir det meir privat slik som folk flest.

Ingebjørg fortalde og litt om korleis dei jobbar i vallemal.no. Dei møtest annankvar onsdag og går gjennom ord i Valle-dialekten, finn ut korleis ordet er brukt, les inn korleis det vert uttala. Det er Sigurd Brokke som mest jobbar med data-delen av arbeidet. Ettersom ho har vore interessert i språk i alle år, gleder ho seg over at arbeidet veks og blir ei kjelde til kunnskap om dialekten. No har dei halde på med løyesaum-ord, og det er ikkje bare krullar, kross og kringle eller kambar det er tale om. Eg fekk ikkje med meg alle dei spesielle orda som vert nytta i samband med løyesaum, og ei setesdalskofte er jo flottast når det er løyesaum på henne. Ingebjørg hadde halde kurs både i Bykle, Valle og Bygland tidlegare, men det er ikkje så mange som syr krullar, det er noko vanskeleg, for det er ikkje teikna på stoffet, så ein må skape det sjølv, fortalde ho.

Det var eit fint innslag å få med i kveldens sending. Då ho var ferdig, skunda ho seg heim for å høyre på rebusar og kanskje vinne ein premie om ho klarte å løyse ein rebus.

Men det vart ingen premie i kveld. Gyro Uppstad, Anne Lise Harstad, Gyro Kopperud, Ingebjørg Berdalen og Kjellaug Rysstad fekk kveldens gevinstar.