Lysløypa i Brokke er flott

Share

Tittelen på denne bloggposten kunne kanskje få deg til å tru at eg har vore på ski. Det har eg ikkje, og eg kjem heller ikkje til å gjere det.

Men rådmann Eivind Berg kom rett frå lysløypa til Kommunen informerer i går kveld, og då nytta han høvet til å seie fine ord om lysløypa, som han prøver å bruke så ofte som råd. Prepareringa er prima, løypekjøraren gjer ein kjempegod jobb, og sjølv om han helst ser ryggen på folk, ser han at han ikkje er aleine der. Mange nyttar løypa til ulike tider på dagen.

Sjølv er han med i ei gruppe på kommunehuset som har meldt seg på til HovdenTour, kort løype på 22 km, det får vere nok, han har aldri gått Sesilåmi og har ikkje planar om det, sjølv om lengre turar er ok, så held det med eit par mil om det skal vere meir oppleving enn slit.

Enno er ikke snøtilhøva slik at han kan gå noko særleg på ski i Berg, snøen er for laus til å ta seg fram i. Men når det lid litt lenger fram på vinteren, kan turar til Bossbu og Stavskar også vere aktuelle. Heile familien set stor pris på å kunne vere i Berg, så det vart ein tur dit i romjula etter tradisjonell feiring heime i Kristiansand.

I dag var rådmannen med i ei gruppe som reiste til Vinje for å sjå på hytteturisme slik det har blitt utvikla i Telemarkskommunen. Plankontoret Hallvard Homme har vore engasjert i ein del av dette, og no ville 14 personar frå Valle få meir kunneskap om dette, kan hende kan noko av konseptet tilpassast den kommuneplanen som skal bli handsama i kommunestyret før sommarferien, rulleringa er noko forsinka i høve til tidsplanen, den skulle vore rullert i 2012, men no kjem den og vert eit godt hjelpemiddel i sakshandsaminga. Med ny plan slepp ein å gje dispensjasjonar, for då er dagens situasjon når det gjeld plan- og bygningsloven oppdatert, fortalde Berg.