Velvilje

Share

Når vi skal lage program i Valle Radio, er vi avhengige av velvilje. Det opplevde eg endå ein gong i går kveld då eg måtte lage programoppsett i ein fart. Det som hadde vore på planen lenge, måtte gå ut på grunn av sjukdom.

Først ringte eg Tarald Myrum, han svara ja, sjølv om stemmen ikkje var god, han hadde hatt ein runde med influensa og gjekk framleis på antibiotika.

Så ringde eg Bjørn Ropstad. Han var på tur, og på den tida eg ville ha han med i radioen, var han utan mobildekning. Men han ville ringe tilbake og melde frå om fasttelefonen der han var, slik at eg kunne nytte det nummeret. Litt før halv sju var han på tråden med fasttelefonnummer. Det er nok lurt av Telenor å halde på dei fasttelefonabonnentane dei kan ha, mobildekninga er ikkje fullkomen alle stader i Indre Agder.

Begge dei to ordførarane presenterte dei respektive listene som no var sette opp. Etter praten i radioen ba eg om å få listene tilsendt for å legge dei ut på Setesdalswiki, og det fekk eg. I går la eg ut SP-lista i Valle på bloggen, her er lenke til KrF-lista i Evje og Hornnes: http://www.setesdalswiki.no/wiki/KrF-lista_i_Evje_og_Hornnes_2015

Dei to innslaga var ikkje nok til å fylle heile timen, så eg tok ein telefon til banksjef Vidar Homme og spurte om han kunne kome i studio og fortelje om prosjektet dei dreg i gang med å samle inn filmar frå Valle med tanke på å lage ein film til jubileet neste år. Han skulle i skibakken på trening med ungar, men om han kunne kome kvart på ni, så var det ok. Det var ok for meg og, så dermed vart det slik.

Eg er svært takksam for velviljen eg møter når eg skal lage program til Valle Radio.

Planen min for bloggen i kveld var å skrive om Heimar og folk i Bykle. Internettversjonen er no offisiell, det skjedde i går i ein presentasjon på kulturkafeen i Bykle. Ein tilsvarande presentasjon skulle Chris Nyborg halde i Bykle kommunestyre i kveld, så eg sette på radioen for å høyre klokka 18. Men det var bare P4, så eg fekk ikkje høyre noko av det han fortalde til kommunestyret. Dermed kjem eg tilbake i morgon og skriv litt om besøket hans i Valle Radio tysdagskvelden.