Om bygdebøker

Share

Tysdagskvelden var Chris Nyborg i studio og fortalde om digitaliseringa av Heimar og Folk i Bykle som han har hatt ansvaret for på Lokalhistoriewiki nokre månader. Onsdag vart den digitale versjonen offisielt lansert på Bykle kulturkafe, og torsdag var han i Bykle kommunestyre for å orientere om kva dei har brukt pengar på.

Kva har dei så brukt pengar på? Fem bind bygdebøker er lagde inn på Lokalhistoriewiki.

Dei feila som ein har fått vite om, er korrigerte, så verket er meir korrekt enn dei trykte bøkee. I tillegg er det no høve til å oppdatere tekstar og å legge inn bilete. Bøkene kom i 2008, på åtte år har det jo skjedd ein del, så i teorien kan ein etter kvart få eit heilt oppdatert bygdesogeverk frå kommunen øvst i Setesdal.

Ein kan legge inn galleri av bilete frå kvar gard, noko slikt kunne ein ikkje få til i dei trykte bøkene.

Chris fortalde levande om korleis det no er høve til å lenke mellom stoffet, slik at ein lett kan trykke på ei lenke og kome til garden som ein familie flytta til. Verket er orientert ut frå dei 18 gardsnummera i Bykle, men det er jo mange bruksnummer, og målet har vore å få med alle folka som har budd i alle heimane i kommunen. Difor er det også teke med bygningar som hotell og butikkar om nokon har hatt fast bustad der, Hovden Høyfjellshotell og Hovdestøylen er med, det same er Samvirkelaget.

Bykle er den første kommunen i landet som har gjort noko slikt. Men Tinn kommune ser ut til å kome etter, likevel på ein annan måte enn Bykle, for Tinn si bygdebok sluttar på 1800-talet, så der har historielaget teke på seg å skrive direkte inn på lokalhistoriewiki om det som har skjedd sidan. Det arbeidet er ikkje kome i gang, men det er laga ein avtale om det. Mange byklarar har linjer til Tinn, så når dette også vert lagd inn, vil ein kunne lage lenker mellom kommunane.

Valle er jo den kommunen som har tettast hopehav med Bykle, dei var ein kommune i ein periode, dei har alltid vore eitt prestegjeld. Difor hadde det vore flott om Valle kommune sine bygdebøker også hadde blitt lagde inn på lokalhistoriewiki, dei er 20 år gamle og treng sterkt til oppdatering. Ei digital oppdatering ville vore svært nyttig.