Brøyting

Share

Under dei snøforholda vi har hatt til no i Øvre Setesdal har det vore mest fokusert på situasjonen på Hovden. Der har journalisten Siv Kristin Selmann i NRK hatt mykje sendetid i helga, til og med på riksdekkande TV.

Fredag kjørte eg nedover dalen og føret var på ingen måte behageleg frå Valle til Bygland. Is og sporete veg gjorde det slingrete å kjøre, så ein måtte halde låg fart for å vere trygg på piggfrie vinterdekk.

Ein periode låg eg bak strøbilen, det gjorde turen stødigare, men det gjekk jo ekstra seint, så eg våga meg til å kjøre forbi og skli vidare på glattisen.

I kveld sundag kom eg oppover att, og no var vegen heilt annleis. Sikkert nok var noko slite vekk av trafikken til Hovden og ned att, men noko av æra tenkjer eg at dei som jobbar med vegen skal ha. Det er ikkje bare brøytinga, men også prepareringa etter brøyting som er viktig, og dei har gjort ein stor og god jobb. Måtte det blir slik resten av vinteren, til beste for trafikktryggleik for alle.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *