Nordisk Strikkesymposium

Share

Onsdagskvelden 21. januar var Annemor Sundbø med på telefonen. Ho fortalde om Nordisk Strikkesymposium som skal vere på Revsnes Hotell 28. juni -4. juli. Ei heil veke til endes skal strikkeglade folk frå heile verda kome saman og oppleve Setesdal med strikkepinnar. Annemor, Signe Sollien Haugå og Signe Arneberg er komite, seminaret vert arrangert i samarbeid mellom Bygland Husflidslag, Norges Husflidslag og Gavstrik i Danmark.

Annemor var svært glad for at dette seminaret no att kom til Norge, det har vore arrangert i 15 år rundt om i Norden, men det er 13 år sidan sist det var i Norge, då var det på Agder Folkehøgskole i Søgne. No er interessa for strikking svært stor, så pågangen for å få vere med har vore stor. Det er plass til 120 personar, av omsyn til transport med bussar og Bjoren kan det jo ikkje vere så mange, og hotellet har jo og noko avgrensa kapasitet. Men om ein ikkje blir med på heile kurset, kan ein kjøpe billett til foredrag ein finn interessante. Ta kontakt med Annemor om du er interessert. Du finn henne på http://annemor.com/kontakt/kontakt.htm

Endeleg program er knapt ferdig, men her er noko av dei foredraga ein kan få med seg:

Annemor Sundbø: Vår nordiske koftefamilie
Signe Århus: Oleana – et industrieventyr
Toril Finsrud Velure: Fanatrøya
Tone Loeng: Koftegruppa – et Facebook-eventyr
Arne&Carlos: Strikk fra Setesdal
Lita Rosing: Islenderen
Jeanette Rönnqvist-Aro: Korsnäs-tröjan – finsk-svensk lusetrøye
Stella Ruhe: Nederlandske fisketrøyer
Karin Brattaberg: Færøyske skipstrøyetradisjoner
Anne Sinclair: Fair Isle tradisjonsstrikk
Riina Tomberg: Strikketradisjoner og slektstråder i Baltikum
Kerstin Paradis Gustavsson: Trøyer fra områder i Skåne

I tillegg til desse plenumsforedraga vert det mange kurs, mellom anna i løyesaum, og ekskursjonar. Naturleg nok vil ein besøke Ose, der er det marknad og utstilling, men ein vil og ha turtilbod til Setesdalsmuseet.

Her kan du lese meir og sjå bilete frå tidlegare symposium: http://www.gavstrik.dk/side.asp?Id=64451

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *