Setesdølen 40 år

Share

I kveldens sending hadde eg ein samtale med Sigurd Haugsgjerd og gratulerte han med at avisa no fyller 40 år. Det vert markert med utgjeving av avis kvar dag denne veka.

Sigurd fortalde levande om korleis det var å lage avis dei første åra. Då tok han bilete og sende dei til Ingebjørg Vegestog Homme. Ho og Tarald framkalte bileta og sende dei med bilruta til Kristiansand neste dag, han sjølv måtte prøve å lage bilettekstar utan å sjå biletet, det såg han ikkje før det stod på trykk i avisa då den kom ut.

Ved eit anna høve fortalde han meg om korleis han reiste til Kristiansand og leverte manuskripta, så måtte dei setjast medan han tok ein tur på byen før han kom tilbake og las korrektur. No skriv han alt direkte inn på ein skjerm og sender digitalt til trykkeriet i Arendal om ettermiddagen og så ligg avisa i postkassen neste dag.

I samtalen var Pål Dale med i studio, og dei mintest ulike situasjonar frå 40 års samkvem der Sigurd kom på kommunestyremøta og dekka dei, og dersom han ikkje kom, vart møtet kort, for då kom det jo ikkje noko i avisa.

Ein journalist som i nesten 40 år har dekka Setesdal og skrive om store og små hendingar, han kjenner folk og bygder ganske godt. Difor fell det lett for han å skrive om folk til åremålsdagar eller minneord. Han må ikkje leite så lenge etter stoff.

Vi snakka og litt om korleis avisa har utvida nedslagsfeltet noko i takt med at folketalet har gått ned. Halvparten av opplaget går til abonnentar utanfor Setesdal, folk som vil fylgje med i kva som skjer i dalen dei har eit forhold til, anten på grunn av familie eller fordi dei har fritidsbustad i Setesedal.

Men han vil ikkje på Internett, då rekna han med at folk ikkje lenger ville abonnere på papiravisa. Skal ein ha informasjon frå Setesdølen, må ein finne det i papiravisa. Dei legg bare ut foto av framsida, det kan vere ein appetittvekkar.

Nyhetsstoff vi lagar i Valle Radio hentar vi ofte frå Setesdølen. Av og til skriv dei også om noko som vi har laga. Slik kan vi saman gje folk informasjon om liv og hendingar i regionen.

Gratulerer med dei 40 år!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *