Sove ute

Share

Natt til i dag sove ordførarar ute for å markere starten på Friluftslivets år. Det kan ikkje ha vore den beste natta å sove ute på, då eg vakna i dag var det 30 cm nysnø i Valle. Bjørn Ropstad kommenterte at det nok kom til å bli ei lang fyringsvakt på Himmelsyna, der han var i lag med ordførarar i nabokommunane.

I Valle låg ordførar Tarald Myrum i lavvo ved barnehagen, medan fylkesordføraren truleg låg høgast i Aust-Agder, han brøytte seg veg saman med nokre vener og sov på Kreklingbærhaugen.

Dei fekk i alle fall søkelyset på starten av dette året, arrangørane. Om det vil føre til at fleire blir med i friluftslivets gleder, kan ein nok undre på.

Det er eit paradoks at same veka som dette hende, stod performancekunstnaren som var på Hovden i fjor og malte ein islagt bekk med vassfargar for retten i Kristiansand for ulovleg scooterkøyring. Han hadde nekta å vedta eit forelegg på 8400 kroner, og måtte hentast frå København for å forklare seg.

På Hovden nyttar dei snøscooter som folk ved kysten nyttar skjærgårdsjeepen. Men det skal dei jo helst ikkje, motorferdsle i utmark er strengt regulert. I samtalen eg hadde med Bjørgulv Sverdrup Lund i Valle Radio for ei veke sidan kom han inn på det. Han sa då at om lag 70% av Valle kommune er disponert til reinsdyra, og der er det svært vanskeleg for folk å drive næringsverksemd. I byane snakkar dei om frislepp av snøscooterkjøring, men ingen løyper vil bli lagde i eit slikt område, og framleis vil det vere eit sterkt regime for å halde kontroll på ferdsla. Å kjøre til toppen av skibakken med ein sjokolade er lov, sa kunstnaren, som ikkje kunne forstå at han skulle straffast for å bli kjørt opp til bekken der kunstverket skulle skapast.

Litt av kvart å fundere over ein sein kveldstime i snøfulle Valle.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *