Test i samfunnskunnskap

Share

Denne veka har Test i samfunnskunnskap vore eit debatt-tema. Det er ein test som utlendingar som vil verte norske statsborgarar må ta. Dei fleste det gjeld, kjem frå land utanom EU, det er nok flest flyktningar som den er aktuell for.

Flyktningar har rett til inntil 3000 timar i norsk og samfunnskunnskap. Dei får to år eller tre år med introduksjonsstønad og i denne tida går dei på kurs for å lære språk og samfunnskunnskap. I tillegg til den testen som har vore framme i debatten, må dei også ha munnleg norsk språktest på nivå A2 for å få statsborgarskap etter å ha budd sju år i landet.

Det spesielle med samfunnskunnskaptesten er at den skal takast etter at dei har hatt eit 50 timars kurs i samfunnskunnskap. Dette kurset tek opp den norske velferdsmodellen og ein del historiske fakta når det gjeld landet dei er komne til.

I debatten har det vore mange norske som har teke testen, dei har jo ikkje hatt 50 timars kurs med det pensum som utlendingane har hatt. Difor har til og med politikarar på Stortinget hatt feil. Som oftast er det feil, så langt eg har skjøna, som kjem av at dei nok har betre kjennskap til tilhøva enn dei testen er laga for. Mellom anna var det spørsmål om kor gammal ein må vere for å gifte seg her i landet, og det er sant at ein kan gjere det etter søknad når ein er 16 år, men svaret var 18 år, for er ein 18 år, treng ein ingen søknad. Dette er mellom dei tema som blir gjennomgått på kurset, det skulle difor ikkje vere særleg vanskeleg for den som har gjennomført kurset. Det er til og med utarbeidd på mange ulike språk, om ein skal ta kurset på norsk, må ein nok ha lært seg norsk nok til å ha klart Norsk språktest på minst A2 nivå.

Mange av utlendingane som bur i Valle, har teke denne testen. Så langt eg veit, hadde dei ikkje særlege problem med den, så nålauga for å kunne søke om norsk statsborgarskap var ikkje så veldig trongt når dei hadde vore sju år i Norge. Fleire av burmesarane som har slått seg til i kommunen, har no fått norsk statsborgarskap. Det kan vi gratulere dei med.

Søk KVS Bygland

Share

Det andre temaet i Haralds time i går handla om KVS Bygland. Utgangspunktet var eit oppslag i Setesdølen om at 52 elevar har KVS Bygland som førsteval. Det stod og at rektor Tor Inge Askeland hadde vore land og strand rundt for å rekruttere elevar. Dermed ringte eg skulen, men dei hadde vinterferie som alle andre.

Difor leita eg meg fram til rektor privat for å høyre om kvifor han ikkje hadde brukt innslag i Valle Radio for å rekruttere elevar. Det måtte han medgi at han ikkje hadde tenkt på. Men han ville gjerne vere med i radioen frå klokka halv ni denne onsdagskvelden, under føresetnad at det var på telefonen, for han hadde ikkje høve til å kome i studio, han bur jo i Kristiansand.

Etter at eg hadde gjort den avtalen, ringte rådgjevar Steffen Kristian Røykenes. Han hadde telefonvakt denne veka og hadde fått med seg at eg hadde ringt skulen. Vi avtalte då at han kunne vere med i samtalen med rektor, og slik vart det. Dei to fortalde om det gode miljøet på skulen, medan vidaregåande skule generelt har eit fråfall på opp til 30%, hadde KVS fleire elevar no enn då dei starta i haust. Ein viktig grunn til det gode sosiale miljøet er jakt-terrenget, skulen har 40.000 mål som elevane kan nytte til jakt. Men dei har og miljøarbeidarar og alle bur på internat og blir tekne godt vare på gjennom skuleåret.

På slutten av samtalen kom vi inn på Latviabasaren som var på skulen sist veke, dei fekk inn over 100.000 kroner til eit prosjekt dei støttar med å byggje opp ein leirstad for vanskelegstilte barn aust i landet. Elevane har bygd ei hytte på Bygland. Den blir flatpakka og teke med til Latvia, og så set dei henne opp der.

Dermed kom vi inn på turar som elevane er med på, og skulen har ein tur til USA kvart år. I tillegg til flotte opplevingar som turistar får elevane med seg noko relevant jobbing i høve til linjene dei går på. Rett nok er turane frivillige og fører til at skuleåret vert dyrare, men som oftast blir alle elevane med på turane.

Ved ein teknisk feil vart samtalen avkutta litt raskare enn tenkt, men det var ein hyggeleg prat med skulefolk som gjer ein stor jobb for ungdom i Setesdal.

Sikker ferdsle i fjellet

Share

Dette var tema i Haralds time i kveld. Eg fekk med meg Ragnar Aspholm og Bjørgulv Bjørnarå.

Ragnar er leiar av Valle JFL og hadde teke initiativ til ein stand i Valle sentrum i går. I tillegg til å informere tok dei folk med opp i Stavdalen for å demonstrere, og 25 personar takka ja til turen. Dei kjem til å fylgje opp med eit kurs i kommunestyresalen i mars.

Bjørgulv trenar ein hund som skal bli lavinehund. Han er med i Valle fjellredningsgruppe, det er ein livsstil å trene hunden, så dei er mykje ute i fjell og hei.

Vi hadde ein triveleg prat om det dei er opptekne av, så halvtimen gjekk fort.

Temaet synte seg å vere meir aktuelt enn ein kunne ønske.

Då me avslutta, var det med ønske om at det ikkje måtte bli bruk for dei, men alt klokka 20.45 vart Valle fjellredningsgruppe kalla ut. To skiløparar som i føremiddag skulle gå frå Øyuvsbu til Gaukhei, vart melde sakna av familien i kveld. Fædrelandsvennen skreiv om saka klokka 20.51 og oppdaterte den klokka 22.29

Om Bjørgulv var med på leitinga, veit eg ikkje, men det er jo ein fordel med lokalkjende folk. Folk frå Kristiansand Røde Kors skulle kome frå Hovden for å vere med i leitinga. Men å fare med snøscooter rundt i heia på natta utan å vere kjent, kan ikkje vere enkelt.

Eg legg ut lenke til artikkelen i Fædrelandsvennen, den var open i kveld, vonar den ikkje blir låst.
http://www.fvn.no/lokalt/lister/To-turgaere-savnet-i-fjellet-2767426.html

Natur og friluftsliv

Share

Dei som kjenner meg, veit at overskrifta ikkje passar særleg godt på bloggskrivaren. Det er mange år sidan natur og friluftsliv var høgt på min personlege timeplan.

Men i høve til radioen fungerer det annleis. Sist onsdag hadde eg med meg Peder Johan Pedersen som er fylkesleiar i Naturvernforbundet i Vest-Agder på telefonen. Han har skrive kronikken Redd Agders villmark, som du no kan lese på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Redd_Agders_villmark

I morgon skal eg ha med meg Ragnar Aspholm i studio. Han er leiar i Valle Jakt- og Fiskelag og er oppteken av sikker ferdsle i fjellet no i vinterferien. Laget hadde informasjonsstand i Valle sentrum i dag og tok med seg folk på slede på snøscooter til Brottveit og inn i Stavdalen for å demonstrere temaet i praksis. Kanskje kan eg og få med meg Bjørgulv Bjørnarå, som er svært aktiv i arbeid med redningshund, men det får eg ikkje vite før i morgon.

Valle Radio i vinterferien

Share

Inga tysdagssending i vinterferien. Det kunne ha vore sending, men eg droppar den etter det eg fortalde på bloggen i går. I dag var eg hos legen, og det var bare å starte på penicillinkur for å kurere lungebetennelsen eg hadde skaffa meg. Men onsdag blir det sending, Siri har lova å hjelpe til som teknikar, kanskje ho rekk å kome til Valle til klokka 19, om ikkje, stiller ho så fort ho rekk fram.

Onsdag 25. februar

Ansvarleg og teknikar: Harald Haugland
Telefonvakt: Ingeborg Åkre Løyland

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Wenche Gundersen
20.00 Haralds time
21.00 Opi sending ved Rolf Erik Homme og Henri Tore Viki

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Du lurer vel

Share

Du lurer vel kvifor det ikkje har vore noko på bloggen sidan tysdag. Den enkle grunnen er at onsdag morgon fall eg på isen utanfor huset mitt då eg skulle på jobb. Eg kom ikkje opp att, heldigvis hadde eg mobiltelefon i lomma og kunne ringe kollega Øystein som tok med seg elevar og fekk meg på beina att. Haltande kom eg meg på skulen, og då dagen var slutt, var det bare å karre seg i radioen for å ha sending klokka 19. Det lukkast ikkje å finne nokon til å overta.

Torsdag var det ny dag på skulen, og då den var slutt, tenkte eg å reise heim til Mandal og få stell av Reidun, men eg fekk bare pakke litt, så sovna eg og sov til fredag morgon.

No har eg hatt ei god helg i Mandal og er betre både i venstre kne og venstre hand, så pass at eg klarar å skrive litt og klarar å gå utan å halte alt for mykje. Men eit kvarter på kald jord og væte var nok til at eg fekk meg ei forkjøling, så eg har harkla og hosta veldig eit par dagar. Snuen renn og papirlommetørklær blir fylt med snørr. Heldigvis ikkje tårer. Men eg må nok til fastlegen i morgon, så får vi høyre kva han seier om surklet mitt.

Då har du forklaringa på kvifor det ikkje vart skrive særleg mykje på bloggen sist veke.

Nytt frå kyrkje og kristenliv

Share

I kveld hadde eg programposten Nytt frå kyrkje og kristenliv i Valle Radio. Eg hadde ein idè om å finne nyheter i Vårt Land og så bringe dei saman med songar, til saman skulle det utgjere ein halv time av sendinga mi i kveld.

Eg har abonnert på Vårt Land nokre år no, men dei siste år opplever eg at avisa har endra karakter. No er det mest debatt, dei er ansvarlege for nettstaden verdidebatt og nokre av innlegga der kjem på trykk i avisa. I tillegg er det mykje kommentarar til aktuelle straumdrag i tida, politisk stoff relatert til kultur og kyrkje. Nytt frå kyrkje og kristenliv landet rundt er det nesten slutt på, i alle fall var det opplevinga mi då eg plukka med meg ei bunke med aviser frå siste veka for å lage ein halvtime i Valle Radio.

Her er det eg fann i avisene i veke 7, 2015

David Phelps til NLMs generalforsamling i juli
Om VM i gatefotball 2017
Bob-bane trekker konfirmanter
Kveldsbønn i fastetida. Ski menighet med historisk tiltak

Med respekt å melde er dette for dårleg. Det må då vere meir som kan nyttast til nyhetsstoff i avisa i ei veke. Dei to første sakene kom endåtil frå Kristeleg Pressekontor.

Journalistar i Vårt Land må leite fram saker om det som skal skje eller har skjedd i kyrkjer og organisasjonar, ikkje bare konsentrere seg om debattar og bokmeldingar. Ei avis som Vårt Land må vise aktiviteten i kyrkjelydar, ikkje bare problema kyrkjelydane har. Vi som abonnerer på avisa vil vite kva som skjer.

Program for veke 8, 2015

Share

Eg har ansvar for sendingane i Valle Radio denne veka. Her er programmet:

Tysdag 17. februar
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld med nytt frå kyrkje og kristenliv
19.30 Bibeltime med Øivind Andersen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 18. februar
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakt: Jorunn Lund Harstad

19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Henri Tore Viki
20.00 Haralds time
21.00 Opi sending ved Kåre Rike

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Ny verdsrekord

Share

I dag vart det igjen sett verdsrekord i skihopp. Denne gongen var det Anders Fannemel som fekk luft under hoppskiene sine og stakk ut av bakken i Vikersund og landa på 251,5 meter i første omgang av konkurransen.

Mannen som laga verdsrekord i går klarte ikkje å gjenta hopp av tilsvarande kvalitet i dag. Heller ikkje Fannemel klarte å kopiere første hoppet då han skulle hoppe andre gong. Dermed gjekk sigeren til ein tysk hoppar som hadde to jamnt gode hopp i dag.

I går skreiv eg noko om den utladinga det må vere å få til eit rekordhopp. Det fekk vi sjå i dag. Sjølv om det var gått ein dag, var det ikkje lett å nullstille seg. Og dagens rekordsetjar var inne på det, det vart for kort tid til å få adrenalinen frå første hoppet ut av systemet før andre hoppet skulle gjerast.

Sportskommentatorane omtalte det som at adrenalinet sto ut av øyro på hopparane som lukkast på så ekstremt lange hopp. Så fekk det våge seg at rennet for hopparar utan ekstrem flygekompetanse landa på kulen. Det ville vore hasardiøst å ha større fart for alle når dei beste gjorde det så bra. Med Vasiljevs hopp i prøveomgangen på 254 meter med fall var det heller ikkje så rart at han ikkje nådde opp då det var konkurranse. Å gå opp og setje utfor att etter fall i den farten må sanneleg vere tøft til og med for dei tøffe.

Sjølv har eg aldri hoppa på ski, men dei få gongene eg har hatt ski på føtene har det enda med så mange fall at eg ikkje har planar om å prøve fleire gonger. Men å sjå på hopprenn, det er fascinerande også for oss som er fastlimte til sofaen når det står på.

Verdensrekord

Share

Kor var du då det vart sett verdensrekord i skihopp?

Eg sat i stova heime og trudde at Anders Fannemel skulle vinne hopprennet i Vikersund.

Fredagskvelden landa han ein halv meter bak verdensrekorden då det var kvalifisering til skiflyging i Vikersund. Men i kveld var det ikkje like gode høve for han, eller kva det no var, for det vart bare andreplassen. Petr Prevc landa etter eit svev på 250 meter, det er ein kvart kilometer, og sjølv om han var djup i nedslaget, som Skeie ville ha sagt, så stod han på hoppet og verdensrekorden var eit faktum.

Det er sport heile dagen om ein ikkje vil ha reklamefinansiert TV, men held seg til NRK. Nokre pausar må ein ha, ein kan ikkje sjå på alt, men ofte vert det til at TV står på ein del av dagen, og når ein får med seg ein verdensrekord, er det jo moro.

Eg måtte tenke på alt som vert gjort i Trollbakken på Evje for at små og store skal få prøve å hoppe på ski. Ikkje mange når nivået til dei hopparane som er på TV, dei skal ha rett fysikk. Høgde og vekt må passe, men når alt stemmer, er det flott å sjå, sjølv om eg seier til meg sjølv at dei kan ikkje vere rette i hovudet som vågar noko slikt.

I dag var det ingen som måtte hoppe etter rekorden, og godt var det, for alle som hadde kome etter eit slikt hopp ville kome i skuggen. Å hoppe etter Wirkola, sa vi i min ungdom, men å hoppe etter Prevc sitt hopp, eg trur alle var glade for å sleppe det.