Ein farfar i livet

Share

Ein farfar i livet skull alle ha
Ein goffa å springe ned til
som alltid har lyst på ein kaffikopp
og til å kaste bort tid på ein liten kropp

Ja, ein farfar i livet skull alle ha
Ein farfar i livet skull alle ha

Ein bessfar å vende seg til
med alt som ein går rundt og lurar på
I Farfar sitt naust er det alltid råd
Ja, ein farfar i livet skull alle ha

Ein farfar i kjeledress skull alle ha
som luktar av olje og sjø
Og med lommene fulle av gamalt skrot
Det er mykje få bruk for i Goffas rot
Ja, ein farfar i livet skull alle ha

Ein farfar sitt fang det er godt å ha
For Farfar har vore her før
Med heile sitt liv ligg han framom deg
Og spør du, ja, Bessfar han viser veg
Ja, ein farfar i livet skull alle ha

Slik høyrde vi Odd Nordstoga syngje i kveld mellom L otte Rysstad sine intervju med Hallvard K. Rysstad og Gunnar Brottveit. Det vart ein uvanleg triveleg time der vi fekk høyre dei fortelje frå livet sitt, HK snart 75 år og GB eit par år yngre.

Lotte har fått prøve seg som programleiar og ho klarte prøven godt. Etter intervjua hadde ho nokre få helsingar og slikt, og så var Lottes time over.

Å gå inn i ei slik oppgåve er ikkje enkelt, men ho løyste det fint. God hjelp har ho fått av Britta Lise Homme, som var ansvarleg for kvelden i kveld, men ho var vel knapt på lufta så langt eg kunne høyre. Likevel vart det ein fin radiokveld denne onsdagskvelden. Bjørgulv T. Berg hadde fått med seg Tonhild Kråkenes i studio til Tankar frå Bibelen, teknikar Siri Johannessen intervjua Unn-Merethe Nordby i Kommunen informerer og Ronny Stavsholt hadde opi sending med vinterrelaterte rebusar og variert musikk, noko av gitarmusikken fekk ein gamal klassikar som meg til glede meg ekstra.

Vinnarane av rebusløysinga er: May Britt Straume, Kjellaug Rysstad og Gyro Kopperud.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *