Historia om Ivar Aasen

Share

Dei siste vekene har eg lese Ottar Grepstad si bok: Historia om Ivar Aasen. Boka kom ut i 2013 og eg lånte henne på Valle folkebibliotek.

I etterordet skriv han at Historia om Ivar Aasen er skriven i vona om at ei fortelling som blir utvikla innanfor rammene av etablert kunnskap, supplert med nytt stoff, gir meining også i ettertid.

Ottar Grepstad er direktør på Aasen-senteret og har grundig kjennskap til stoffet. Han tek for seg Aasens liv og gjerning i 15 kapittel og syner ein person som heile sitt lange liv var dedikert til den oppgåva han tok på seg som ungdom.

I eit kapittel går han grundig gjennom Mellom bakkar og berg, og det slo meg at Ivar Aasens herbarium kan finnast att i ei strofe der: Når det lavar av blomar på strå. Elles var det interessant å sjå litt om kor mange ulike vers han laga før sangen enda på dei fem versa vi syng i dag.

Ein kan ikkje anna enn kjenne seg litt i slekt med Ivar Aasen når det gjeld hans avislesning. Han las aviser heile livet.

Men eg er ikkje i slekt med han når det gjeld reising, for hans reiser var mykje til fots. Det er rart å tenkje på at han var i Valle då kyrkja vår vart vigsla. Han gjekk frå Kristiansand og tilbake, det var vel ein tur på ei veke kvar veg. Gjennom livet reiste han 25.000 km, det kan mange i dag ta på eitt år. Men vi rullar i komfortable bilar, han traska og gjekk, eller fekk seg hesteskyss, båtskyss eller han kunne bruke tog litt på Austlandet. Ikkje hadde han telefon heller, så han måtte skrive og gjere avtalar når han skulle treffe folk. Difor er det mange brev å finne for dei som forskar på livet og verket. Og så skreiv han dagbok kvar einaste dag. Meir stikkord enn bloggen eg skriv, han noterte kven som kom på besøk der han budde i Oslo og kven som fekk pengar av tiggarane som kom på døra.

Av dette grundige arbeidet kom det eit språk som vi nyttar i Valle Radio og på bloggen min.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *