Kan utvandringa frå Setesdal stoppast?

Share

Overskrifta i dag var tittelen på eit lesarbrev i Setesdølen tysdag. Det var Bjug Åkre som hadde skrive ned tankar basert på artiklar som hadde vore i Setesdølen nyleg, der det kom fram at for å stoppe fråflytting må det vere jobbar som skape tilflytting og slik stoppe utvandringa.

Eg tok ein telefon til Bjug og ba han vere med i Valle Radio og snake om artikkelen, og det ville han gjerne, så i den aktuelle halvtimen tysdagskvelden hadde vi ein hyggeleg prat der Bjug delte sine tankar også med radiolyttarane.

Eit av dei tema han var inne på, var korleis ulik haldning til gründerverksemd kjem til uttrykk i Valle kommune. Medan ein på Rysstad har etablert verksemder med fleire sysselsette både innan entreprenørverksemd og elles, har ein i Valle stort sett klart seg med enkeltmannsforetak, folk kjøper seg ein traktor og tek på seg arbeid sjølv, då slepp ein mykje papirarbeid med å ha løna folk i arbeid. Slik tenkjer dei ikkje på Rysstad, der startar dei opp, og det har dei gjort i generasjonar, medan ein i Valle har teke teoretisk utdanning og ikkje fått noko å gjere i heimbygda, har ein på Rysstad ei meir praktisk tilnærming til yrke og dermed har ein skapt sin eigen arbeidsplass.

No prøver jo det kommunale hjelpeapparatet å få folk til å etablere bedrifter i eigen kommune og det regionale arbeider på same måte med å inspirere til å satse i Setesdal. Næringskoordinatoren har fått seg ny jobb, las eg i avisa i dag, dermed sluttar Hans Olav Omnes etter eit knapt halvår. Det skal ikkje vere lett å stoppe utvandringa frå Setesdal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *