Ole

Share

Stormen Ole har jo vore i nyhetene i heile dag, og sjølv om den var sterkast i Nordland og Troms, har det vore mykje vind både på Vestlandet og sørover heilt til Mandal.

Eg har halde til litt aust for Mandal i helga, og her merka eg ikkje særleg til vinden på annan måte enn at det var nokre få cm snø her i går då eg kom heim, men i dag, då eg vakna, var det stort sett grønt. Det verka som om vinden hadde turka opp heile snøen. Men då eg hadde ein tur til butikken i dag og skulle parkere, fann eg ut at det var lettare å kome ut av bilen om eg snudde han og ikkje parkerte mot vinden, for kvar gong eg prøvde å opne døra, kom det eit kast og slo henne att.

Å fylgje med på situasjonen gjennom bilete som vener legg ut på facebook er jo interessant, det er då eg merkar at det dei rapporterer på TV stemmer med det som dei melder om.

Dei gamle bygde hus på ein slik måte at dei tok omsyn til vinden. På Jæren var husa låge og hadde heller ein skut i enden. Så strauk vinden over huset og skadde det ikkje. Ein bør nok ta omsyn til ver og vind i framtida og. Det er ikkje sikkert at det er så lurt å byggje på dei høgaste toppane og ha flott utsikt når eit nytt ekstremver dukkar opp.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *