Søk KVS Bygland

Share

Det andre temaet i Haralds time i går handla om KVS Bygland. Utgangspunktet var eit oppslag i Setesdølen om at 52 elevar har KVS Bygland som førsteval. Det stod og at rektor Tor Inge Askeland hadde vore land og strand rundt for å rekruttere elevar. Dermed ringte eg skulen, men dei hadde vinterferie som alle andre.

Difor leita eg meg fram til rektor privat for å høyre om kvifor han ikkje hadde brukt innslag i Valle Radio for å rekruttere elevar. Det måtte han medgi at han ikkje hadde tenkt på. Men han ville gjerne vere med i radioen frå klokka halv ni denne onsdagskvelden, under føresetnad at det var på telefonen, for han hadde ikkje høve til å kome i studio, han bur jo i Kristiansand.

Etter at eg hadde gjort den avtalen, ringte rådgjevar Steffen Kristian Røykenes. Han hadde telefonvakt denne veka og hadde fått med seg at eg hadde ringt skulen. Vi avtalte då at han kunne vere med i samtalen med rektor, og slik vart det. Dei to fortalde om det gode miljøet på skulen, medan vidaregåande skule generelt har eit fråfall på opp til 30%, hadde KVS fleire elevar no enn då dei starta i haust. Ein viktig grunn til det gode sosiale miljøet er jakt-terrenget, skulen har 40.000 mål som elevane kan nytte til jakt. Men dei har og miljøarbeidarar og alle bur på internat og blir tekne godt vare på gjennom skuleåret.

På slutten av samtalen kom vi inn på Latviabasaren som var på skulen sist veke, dei fekk inn over 100.000 kroner til eit prosjekt dei støttar med å byggje opp ein leirstad for vanskelegstilte barn aust i landet. Elevane har bygd ei hytte på Bygland. Den blir flatpakka og teke med til Latvia, og så set dei henne opp der.

Dermed kom vi inn på turar som elevane er med på, og skulen har ein tur til USA kvart år. I tillegg til flotte opplevingar som turistar får elevane med seg noko relevant jobbing i høve til linjene dei går på. Rett nok er turane frivillige og fører til at skuleåret vert dyrare, men som oftast blir alle elevane med på turane.

Ved ein teknisk feil vart samtalen avkutta litt raskare enn tenkt, men det var ein hyggeleg prat med skulefolk som gjer ein stor jobb for ungdom i Setesdal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *