Søknadsjungel

Share

Norge løyver tilskot til frivillige organisasjonar og kommunar på mange ulike måtar. Årleg vert det løyvd 35 milliardar kroner til alt frå nærmiljøanlegg til tiltak for å integrere flyktningar i ei bygd, for å nemne to saker eg har sett utlyst.

Men korleis skal ein få tak i desse pengane. Ein må kjenne reglane og kunne skrive søknaden på ein måte som dekker intensjonen med tiltaket. Dette er vanskeleg, men dei som klarar det, kan få pengar løyvd frå det offentlege.

Komande måndag skal det vere eit kurs på Evje der ein ekspert på slikt skal fortelje om korleis ein kan gjere det. Anders A. Vik har halde mange slike kurs og er ein inspirerande foredragshaldar, fortalde Irene Falck Jensen i Valle Radio tysdagskvelden. Ho hadde vore på kurs med han i Kristiansand, og no kjem han til Evje, slik at folk i kommunen der og elles i Setesdal kan få innsikt i noko som få har særleg god greie på. For folk som ikkje bur i Evje og Hornnes kostar kurset 250 kroner, og det må ein betale kontant på staden.

Kvart år dukkar det opp nye tilskotsordningar, men nokre gamle fell vekk. Det er ein jungel, og det kan vere godt å ha ein vegvisar.

Irene Falck Jensen fortalde elles litt om Evje kino, som kom på andre plass over kinoar innan Bygdekinoen når det gjeld besøkstal. Det er 20 kinoframsyningar på Evje på eitt år, og over 3000 innom er godt tal. Om ein hadde teke omsyn til kor mange som bur i kommunen, ville Evje kino vore på topp, for det bur fem gonger så mange i Os kommune ved Bergen, som var den kinoen som hadde høgast besøk.

Også Evje folkebibliotek har godt besøk. Sist veke var det krimforfattar Jørn Lier Horst som var innom, og då kom det tilhøyrarar i alle aldrar for å høyre han fortelje. Biblioteket er og turistinformasjon, så det kjem også mange folk innom for å få vite meir om kommunen dei er på besøk i.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *