SWOT-analyse

Share

Kveldens kåseri var ei lita SWOT-analyse av Valle Radio. S står for styrke, W står for weakness/veikskap, O står for Opportunities/ moglegheiter og T står for Threats/ truslar.

Styrke
Valle Radio har ein styrke i godt studio med salong, gode tekniske løysingar og god økonomi takka vere mange bidragsytarar på påskebasarane våre gjennom mange år. Radioen har og folk som er villige til å gje av fritida si for å drive radioen, både programmedarbeidarar, teknikarar og telefonvakter stiller opp når vi har sending.

Veikskap
Vi kan ikkje leggje skjul på at det og er ein veikskap for radioen at vi er avhengige av frivillige folk i denne innsatsen og at det ikkje har vore så lett å rekruttere nye medarbeidarar til nokre av oppgåvene. Vi kunne trenge fleire teknikarar og programleiarar. Det hadde nok og vore ein fordel om vi unngjekk tekniske problem, til dømes problem med sendarar og oppkopling.

Opportunities – muligheter
Vi har rike muligheter til å sende program. No har vi to kveldar, vi kunne hatt andre tider og andre dagar om vi hadde hatt folk til å vere med.

Truslar
Ei stund var det eit trugsmål at FM-båndet kom til å bli skrudd av i 2016. Det er utsett, så det er ikkje noko trugsmål i nær framtid. Men i nær framtid er det kanskje ein trussel at fleire sluttar og at ikkje nye kjem til.

Vi har ein visjon om å kunne drive ein god radio vidare, med nyheter, kultur og underhaldning. Lat oss gå saman om den oppgåva i 2015 og vidare framover, kan hende når vi 2017 og kan feire 20-årsjubileum.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *