Test i samfunnskunnskap

Share

Denne veka har Test i samfunnskunnskap vore eit debatt-tema. Det er ein test som utlendingar som vil verte norske statsborgarar må ta. Dei fleste det gjeld, kjem frå land utanom EU, det er nok flest flyktningar som den er aktuell for.

Flyktningar har rett til inntil 3000 timar i norsk og samfunnskunnskap. Dei får to år eller tre år med introduksjonsstønad og i denne tida går dei på kurs for å lære språk og samfunnskunnskap. I tillegg til den testen som har vore framme i debatten, må dei også ha munnleg norsk språktest på nivå A2 for å få statsborgarskap etter å ha budd sju år i landet.

Det spesielle med samfunnskunnskaptesten er at den skal takast etter at dei har hatt eit 50 timars kurs i samfunnskunnskap. Dette kurset tek opp den norske velferdsmodellen og ein del historiske fakta når det gjeld landet dei er komne til.

I debatten har det vore mange norske som har teke testen, dei har jo ikkje hatt 50 timars kurs med det pensum som utlendingane har hatt. Difor har til og med politikarar på Stortinget hatt feil. Som oftast er det feil, så langt eg har skjøna, som kjem av at dei nok har betre kjennskap til tilhøva enn dei testen er laga for. Mellom anna var det spørsmål om kor gammal ein må vere for å gifte seg her i landet, og det er sant at ein kan gjere det etter søknad når ein er 16 år, men svaret var 18 år, for er ein 18 år, treng ein ingen søknad. Dette er mellom dei tema som blir gjennomgått på kurset, det skulle difor ikkje vere særleg vanskeleg for den som har gjennomført kurset. Det er til og med utarbeidd på mange ulike språk, om ein skal ta kurset på norsk, må ein nok ha lært seg norsk nok til å ha klart Norsk språktest på minst A2 nivå.

Mange av utlendingane som bur i Valle, har teke denne testen. Så langt eg veit, hadde dei ikkje særlege problem med den, så nålauga for å kunne søke om norsk statsborgarskap var ikkje så veldig trongt når dei hadde vore sju år i Norge. Fleire av burmesarane som har slått seg til i kommunen, har no fått norsk statsborgarskap. Det kan vi gratulere dei med.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *