Verdensrekord

Share

Kor var du då det vart sett verdensrekord i skihopp?

Eg sat i stova heime og trudde at Anders Fannemel skulle vinne hopprennet i Vikersund.

Fredagskvelden landa han ein halv meter bak verdensrekorden då det var kvalifisering til skiflyging i Vikersund. Men i kveld var det ikkje like gode høve for han, eller kva det no var, for det vart bare andreplassen. Petr Prevc landa etter eit svev på 250 meter, det er ein kvart kilometer, og sjølv om han var djup i nedslaget, som Skeie ville ha sagt, så stod han på hoppet og verdensrekorden var eit faktum.

Det er sport heile dagen om ein ikkje vil ha reklamefinansiert TV, men held seg til NRK. Nokre pausar må ein ha, ein kan ikkje sjå på alt, men ofte vert det til at TV står på ein del av dagen, og når ein får med seg ein verdensrekord, er det jo moro.

Eg måtte tenke på alt som vert gjort i Trollbakken på Evje for at små og store skal få prøve å hoppe på ski. Ikkje mange når nivået til dei hopparane som er på TV, dei skal ha rett fysikk. Høgde og vekt må passe, men når alt stemmer, er det flott å sjå, sjølv om eg seier til meg sjølv at dei kan ikkje vere rette i hovudet som vågar noko slikt.

I dag var det ingen som måtte hoppe etter rekorden, og godt var det, for alle som hadde kome etter eit slikt hopp ville kome i skuggen. Å hoppe etter Wirkola, sa vi i min ungdom, men å hoppe etter Prevc sitt hopp, eg trur alle var glade for å sleppe det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *