Påskeferiestart

Share

I dag var Røde Kors sin stasjon på Moisund på plass. Vi som kjører nedover, blir ikkje stoppa, og då eg for framom, var det heller ikkje nokon kø av bilar på veg oppover.

Sjølv tok eg det med ro nedover i dag. Eg las rådet på facebook om korleis ein skulle unngå laserkontrollane, det var bare å halde speedometeret under talet som står på dei raude, runde skilta langs vegen. I dag gjorde eg det, men eg såg ingen av UP sine politipatruljar nokon stad, så meldinga om at dei skulle vere langs riksveg 9 på fredag, slo ikkje til medan eg var på vegen.

Så var det godt å kome heim til Mandal etter å ha vore ei veke på farten. Å ha ferie heime, er i grunnen det beste.

Siste veke i mars 2015

Share

Eg fekk ikkje lagt ut programmet for siste veke i mars 2015 tidlegare, så eg gjer det i kveld, slik at programma vi har i Valle Radio er nemnde her på bloggen:

Tysdag 24. mars
Inga tysdagssending denne veka

Onsdag 25. mars

Teknikar: Jørund Georg Jore

18.00 Kommunestyremøte

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no

Programmet i går kveld var kommunestyremøte, eg høyrde noko av det frå starten, mellom anna Tarjei Haugen si orientering om å gjere landskapsverneområdet Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane om til Nasjonalpark. I kommentarane etter orienteringa tok Bjørgulv T. Berg opp problemet med at det ikkje er parkeringsplassar langs Suleskarvegen, dermed er det ikkje lett for publikum å nytte heia i særleg grad. Om ikkje dette vert endra, vil ideen om ein nasjonalpark ikkje ha særleg stor sjanse for å kunne realiserast, for målet med ein nasjonalpark må jo vere å få folk som vil oppleve parken til å kome dit.

Deretter var det førespurnader. Eg siterer frå protokollen:

Bjørgulv N. Berg:
Korleis er framdrifta no når det gjeld bygging av renseanlegget på Rysstad i høve
Rådmann:
Arbeidet er påbegynt.

Kim Pedersen:
Eg meiner det hadde vore ein god idè og plassert Frivilligsentralen i sentrumsbygget på Rysstad, dette i samband med evt. flytting av biblioteket opp på museet. Korleis stiller ordføraren seg til den lokaliseringa?
Ordførar:
Ordførar viste til saksutgreiinga for frivilligsentralen der det vart drøfta aktuelle lokaliseringar/møteplassar. Ein tok ikkje stilling til fast lokalisering men vurderte om ein kunne bruke ulike lokalitetar til ulike aktivitetar. Ordførar viste til at det no er valt eit styre som skal drive frivilligsentralen og ordføraren har ingen formeining om korleis sentralen organiserer seg eller kor den vert plassert.

Kim Pedersen:
Er det forsvarleg i høve tryggleiken til dei eldre heimebuande i kommunen med å bruke teknisk vakt som «ambulerande sjukepleiarar» når tryggheitsalarmen går?
Rådmannen:
Vakthavande på bygdeheimen som mottek tryggheitsalarm og avgjer kven som rykker ut. Det er ikkje krav om noko tidsfrist, berre at det skal kome ein person innafor rimeleg tid.

Kim Pedersen:
Vil ordføraren gå god for at det som no skjer i administrasjonen i forhold til overtallige. Er dette etter lovverket i Arbeidsmiljølova, og er ordføraren klar over at det er han som til sjuande og sist stilles til ansvar visst det vert reist krav eller sak mot kommunen for usakleg framferd og oppseiing av arbeidstakarar.
Ordføraren:
Det tykkjest vere ulik forståing for grunnlaget for enkelte av kriteria som har blitt vedtatt. Ordføraren er kjent med at det er korrespondanse mellom arbeidstakarar og personalavdelinga vedkomande dette. Ordførar og varaordførar følgjer prosessen tett for å sjå til at det er i samsvar med vedtak og intensjonane med desse. Ordføraren vil be om ei gjennomgang av prosessen i fyrstkomande møte i Administrasjonsutvalet.

Rådmann:
Nedbemanning:
Overtallige som er kvalifisert for annan ledig jobb i Valle kommune får tilbod om dette. Dette er formelt ein endringsoppseiing, og vert dermed innkalt til drøftingsmøte i hht Aml. §15-1. Desse blir oppmoda om å ta med seg tillitsvald.

Tilsette som har alder for å kunne få AFP blir invitert til møte for å få tilbod om sluttpakke som dei kan velje å takke ja til. Dette er ikkje eit formelt drøftingsmøte men dei kan sjølvsagt ta med seg tillitsvalde om dei ynskjer. Rådmannen streker under at arbeidsmiljølova vert følgd til punkt og prikke.

Til Valle

Share

Etter ei god natt i Gjøvik vakna vi til vinter og snø. Vi høyrde i media at Oslo hadde fått eit lag av kvitt, og etter frukost la vi i veg sørover mot Toten. Der møtte vi snøføre og forsiktig trafikk mot Hadeland og Gran, på veg mot Jevnaker hamna vi bak ein brøytebil med salt på lasteplanet, heldigvis ikkje som første bil i køen. Men vidare var det i grunnen greitt å kjøre, heilt til vi kom til Høydalsmo. Der møtte vi snøføre att, så derifrå var det bare å ta tida til hjelp. I Dalen var det snøfritt, men over Skafså var det jo vinterleg, til og med litt vind.

Men før vi kom dit, hadde vi hatt ein stopp på Gvarv. Der har dei hatt eit antikvariat, så eg tenkte om eg kanskje kunne finne ei bok å ta med meg. Men dei hadde flytta til Skien, i det heile var det mange tome lokalar i bygda der. Så gjekk turen ti Bø. Der fekk vi god lunsj på restauranten Den gode nabo, den har halde på sidan 1995, men eg hadde aldri vore der før. Det var god mat, ei nydeleg soppsuppe, varme rettar og salatar på ein lunsjbuffet som var open frå 11-14. http://www.dengodenabo.net/

Til vanleg når vi er på tur, samlar eg brosjyrer der eg finn dei. Denne gongen var det bare i Bø eg plukka med meg brosjyrer. Den fyrste heiv eg fort, det var ei annonseavis for Bø, og den interesserte meg ikkje. Men dei hadde ein flott kulturguide for Bø – Nome – Sauherad. Den studerte eg då eg kom heim, dei har eit aktivt kulturliv der, noko som ikkje er så unaturleg når ein tenkjer på alle studentane som held til i bygda. Brosjyren hadde ei adresse til Internett, så du kan sjå litt av det som skjer i Bø, du og: http://www.midt-telemark.com/hva-skjer?TLxcat=39_866 og http://www.gullbring.no/

Så var det godt å kome til Valle att, få liggje i eiga seng ein time og slappe av og samle krefter etter ein innhaldsrik vinterferie. Vel heime kunne ein setje på radioen og høyre overføringa frå kommunestyremøtet i kveld, det starta med ei fin orientering av Tarjei Haugen med tankar om å gjere verneområdet om til nasjonalpark og kva konsekvensar det kan ha.

Heimover att

Share

Etter ein sjeldan regnvåt måndag kom tysdag med sol og klårver. Då var det triveleg å ta fatt på heimvegen frå Ålesund.

Trafikken var noko annleis no enn laurdag morgon, men det gjekk i lagleg tempo innover mot Åndalsnes. Det vart ein stopp på Rauma Ullvarefabrikk, men Reidun gav seg ikkje til kjenne som kjøpar av garn til Setesdalsgenser. I staden vart det nokre nøste til samlinga av håndstrikkegarn før ferda gjekk oppover Romsdalen. Mannen stod der framleis, så langt vi kunne sjå var det ingen journalistar som venta på at han skulle falle. Men Trollveggen og Trolltindane var kvite og fine i solskinet, truleg var regnet vi hadde i Ålesund måndag snø på toppane her inne. Men vegane var turre og fine, trafikken var lagleg, og snart var vi på E6 og kunne vende nasen sørover.

Det enda med at vi stoppa på Gjøvik og fekk oss rom. Middagen var det Egon som serverte oss, og den var nydeleg, ikkje minst den bakte poteta som fylgde med min porsjon med biffsnadder. Reidun ville heller ha kyllingfilet, også den var velsmakande og mettande.

Etter ein liten kikk på vermelding og nyhende var det i grunnen ikkje anna å gjere enn å ta kvelden og samle krefter til morgondagen og siste etappe i denne reiseskildringa frå ein tur over halve Sør-Norge i slutten av mars 2015. Landskapet er heilt ulikt det vi kjenner frå støvete sommarvegar med stor trafikk. Men like fullt er det vakkert og fascinerande å sjå dei store variasjonane i vårt langstrakte land.

Av og til kjem vi forbi namn vi forbinder med ting vi kjenner frå ulike samanhengar. Vi passerte Orheim og eg måtte tenke på den blinde predikanten Mathias Orheim, han som song og spelte på glass. Då eg var liten, var han visst på Ålgård, eg trur eg hugsar han, men det er bare som klangar i glassa, ikkje som predikant. På vegen til Dombås kom vi til Lesja, og plutseleg såg vi eit skilt Nordsletten. Då måtte eg tenke på salmediktaren Per Nordsletten, og sanneleg så var han frå Lesjaskog, det fann eg ut då eg slo opp på Salmebloggen til Leif Haugen. http://salmebloggen.trykker.com/2014/02/07/var-store-gud-gjor-store-under/

Det minna meg om ein stor underskog i kulturlivet som sjeldan er framme i rampelyset, dei mange som på ulike måtar har gjort seg gjeldande på bedehusa og i kyrkjene, men i mindre grad i samfunnslivet i landet. Ikkje alle har fått sin rettmessige plass i historiebøkene, men lever i minnet til folk som ferdanst i dei krinsane.

Så kom regnet

Share

Med måndagen kom regnet over Ålesund. Då vi vakna opp i dag tidleg, var det ikkje måte på kor det regna. I tillegg var det vind av styrke sterk kuling, truleg med storm i kasta. Det frista ikkje nokon til å gå ut, men vårt barnebarn Henrik kom seg i barnehagen, rett nok noko seinare enn vanleg.

Sigmund og Margaret måtte huse oss til i morgon, det syntest dei var hyggeleg, og så kunne vi vere med og hjelpe dei med restane etter barnedåpsfesten sundag. Men måndagen vart ein stille dag, vi valde å droppe sightseeing i Ålesund så vel som andre aktivitetar.

I kveld fekk vi oss ein hyggeleg samtale der han fortalde noko om responsen han har hatt på nettstaden http://sunnmiddelalder.net/ som han har sett opp. Der har han mellom anna kyrkjene som var i middelalderen på Sunnmøre. http://sunnmiddelalder.net/index.php/bygninger/middelalderkirker-pa-sunnmore

Han fortalde og korleis dette har ført til at han prøver å plotte inn på kart alle kyrkjene i landet i middelalderen, både steinkyrkjer, stavkyrkjer og det som vert kalla papirkyrkjer, kyrkjer ein kjenner frå kilder, men som ikkje finst lenger.

Her kunne eg syne han Knut K. Homme sin artikkel i Setesdal og setesdølar der han skriv om vigslinga av kyrkja i Valle i 1844 og om kyrkja som vart riven året før. Og teikninga i den artikkelen med fjellet Stol som var vardefjell. Sigmund vart svært interessert, for han skreiv oppgåve om vardesystemet i Noreg då han studerte historie i Volda i fjor.

Så sjølv om regnet kom, var vi ikkje heilt utan noko å gjere og noko å snakke om.

Å, for ein strålande dag

Share

Å, for en strålande morgon,
å, for ein strålande dag.
Strålande glad kan eg kjenna:
lukka og eg er i lag.

Slik lyder refrenget som eg hadde første linje av i overskrifta i går. I dag kom andre linja i refrenget som overskrift, og då kunne eg like gjerne ta med heile refrenget.

Dagen i dag var ikkje strålande i naturen, noko som vermeldinga i går bar bod om. Det skulle bli regn og vind, noko som ikkje er uvanleg på Sunnmøre. Men morgonen var likevel betre enn meldinga tyda på, så vi kom oss til Borgund kyrkje utan å få regndråpar på oss.

Der var det mykje folk, det skulle vere barnedåp for fem born på Maria bodskapsdag, som denne sundagen heitte, det er altså ni månader til jol. Vi var der fordi vårt barnebarn Camilla skulle døypast, og det var jo difor dagen var strålande.

Gudstenesta var og strålande, frå prosesjonen med dåpsbarn i flokk og fylgje, ein prest og organist med medhjelparar som alle gjorde ein strålande innsats, dei hadde til og med teiknesaker klare då tida fall lang for dei minste. På Sunnmøre syng dei i kyrkja også når dei fleste i kyrkjelyden er i dåpsfylgje, denne sundagen var det og nattverd med intinksjon, og det var ingen kort del av gudstenesta.

For oss heldt så dagen fram i godt lag med familie og god mat til middag frå eit velfylt koldtbord og eit sunnmørsk kakebord ein ikkje kunne prøve alle sortar av. Praten gjekk livleg utover ettermiddagen medan veret utanfor først drog seg til med regn og vind, men sidan stilna av og letta. Barna hadde rikeleg høve til aktivitet på eigne premissar og nytta dei til både spel og leik.

Alt dette til saman gav grunn, også utanom den teologiske, til å kalle dagen strålande. Når så hovudpersonen vår fann det høveleg å sove det meste av tida og under sjølve dåpshandlinga heller ikkje fann det naturleg å vise at det var luft i lunger og kraft i stemmeband, ulikt fleire av dei andre i tilsvarande situasjon, var ikkje grunnen til å kalle dagen strålande noko mindre.

Å, for ein strålande morgon

Share

I dag vakna vi til ein strålande morgon. Sol frå skyfri himmel med nyfallen snø på toppane, dei kneisa kvite mot den blå himmelen.

Vi fekk oss ein solid frukost på Otta Hotell. Det var ikkje mange til frukost, men det var full oppdekking likevel, endåtil havregraut var på menyen. Nysteikte rundstykke, nysteikte brød, variert utval av pålegg, ostar, juice, melk, kaffe. Til avslutning steikt Reidun vaflar til oss, då var vi godt rusta for siste del av turen til Ålesund.

Snart passerte vi Dovre, på Dombås svinga vi vestover og heldt fram mot Lesja. Vi hamna bak ein trailer, men veret var så nydeleg at eg valde å legge meg godt bak han i staden for å kjøre forbi. Difor gjekk det i eit tempo der vi kunne sjå oss litt rundt, mellom anna legge merke til skiheisane på Bjorli og Reinsheimen nasjonalpark mot sør.

Så gjekk ferda ned Romsdal med Trollvegg-fjell i hopetal. Mannen stod enno, vi måtte tenke på alle journalistane som venta på at han skulle falle. Men snart var vi ute ved Åndalsnes, traileren stoppa og vi svinga over brua til Veblungsnes.

-Der er Rauma Ullvarefabrikk, sa eg til Reidun, skal vi stoppe og få med noko garn?
-Eg fekk nettopp 10 kg, det får halde, trur eg! var svaret.

Så dukka vi inn i ein seks km lang tunnel, og like etter kom ein på fire. Så gjekk ferda ganske jamnt til vi kom fram og møtte dei andre som var komne til familiehøgtida. Ettermiddagen gjekk med til å gjere klart til festen i morgon. Søskenbarn kosa seg i lag, og søsken prata og kosa seg i lag på begge sider. Dei fekk meg til og med til å spele Uno. Det hadde dei ikkje opplevd før.

Bur det sunnmøringar i Valle? undra vi oss på turen. Vi kom ikkje på nokon, men kan hende er dei der likevel. Ånund K. kjem ikkje før i april, eg las i avisa at han ikkje lenger er valldøl i folkeregisteret og difor ikkje kunne stå på Venstrelista. Men han er no valldøl likevel.

Solformørking

Share

Dagens solformørking opplevde eg i Høydalsmo. Eg har vinterferie og i dag tidleg la vi i veg mot Ålesund, der det skal vere barnedåp for Sigmund og Margaret si dotter Camilla til sundag.

På veg frå Eidsborg til Høydalsmo sa Reidun plutseleg: -No går månen framom sola. Det var nokre skyer som gjorde at vi kunne sjå mot sola og få med oss fenomenet.

På Svalbard var det 100% solformørking, på fastlandet bare 80-90. Kor mykje det var på Høydalsmo, veit eg ikkje. Vi sat inne på vegkroa med ein kopp kaffe då det bleikna mykje i lyset. Så tok det seg opp att og det heile var over. At 2500 reiser til Svalbard for å sjå den totale solformørkinga, det kan eg knapt skjøne.

For oss gjekk vegen vidare til Notodden og Kongsberg. På veg til Drammen svinga vi av og sette kursen mot Hønefoss, Gjøvik og Lillehammer. Så tok vi fatt på Gudbrandsdalen. Den har eg tidlegare kjørt mange gonger sommarstid, det er noko anna å ta turen om vinteren. Tilboda til turistane er langt færre no.

Elles har trafikken denne fredagen vore fin og roleg. I Hønefoss karra vi oss gjennom rushtidstrafikk klokka 14.30-15, men elles har den gått fint og forsiktig. Det er mykje regulering og folk har visst fått med seg korleis ein skal unngå å bli teken av politiet sin radar: ein må passe på å halde pila på speedometeret under talet ein ser på runde skilt med rød kant langs vegen!

Vi tok kvelden på Otta, fekk oss eit rom på Otta Hotell, men middagen måtte vi ta på kinarestauranten i byen, hotellet sitt kjøkken var ikkje ope. I morgon tek vi siste etappe, og så blir det fest på sundag.

Sjømannskyrkjekveld

Share

I kveld var det sjømannskyrkjekveld i Valle kommunestyresal. Medrekna Steinar Tverrli, sjømannsprest og hyttehylstring, var vi 12 personar som fekk smake på Astrid Nomeland sine vaflar etter eit interessant jubileumsforedrag der Steinar Tverrli fortalde historia til organisasjonen.

Den har gått gjennom mange endringar frå starten i 1864, då sjøfolka vel var dei einaste nordmenn som reiste utanlands utan å emigrere. I dag er det til ei kvar tid 200.000 nordmenn i utlandet. Vinterstid på soling i Spania og andre varme land, året rundt som studentar i USA, Australia og Europa, men også på jobb i utlandet i kortare og lengre periodar. Nokre trailersjåførar nyttar kyrkja sin dusj, alle gjester nyttar minst eitt av dei tre borda som ein ofte seier at Kjerka tilbyr: Biljardbord, kaffebord og alterbord.

Jubileumsforedraget vart illustrert med små filmar og bilete på powerpoint. Dermed fekk vi ei fin innføring i utviklinga gjennom 150 år med teneste for nordmenn på reise i andre land.

Det var jo naturleg å ha vaflar til kaffemat denne kvelden, og etter ein god pause hadde Tverrli Ord for kvelden før vi gjekk frå kvarandre.
I samtalen fortalde han at han hadde feriebustad i Brokke og at han hadde planar om å gå HovdenTour laurdag. Eg lova han artikkel på Setesdalswiki, den er no på plass. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Steinar_Tverrli

Sissa takka av utan å nemne kollekt, men eg kunne ikkje dy meg, eg etterlyste kollekten, og då kom det fram ei skål som i alle fall samla inn nok pengar til å betale for kaffe og vaffelrøre. Innsatsen til Astrid på kjøkkenet er ubetaleleg, men det er alltid trong for nokre kroner.

Setesdal og setesdølar

Share

Dette er tittelen på årsskriftet til Setesdal sogelag 2015. I kveld var Bjarne Tveiten i Valle Radio og fortalde om årsskriftet. I samtalen gjekk vi gjennom skriftet, som har 112 sider og kostar 100 kroner. Her på blogge gjev eg att innhaldslista:

Bjarne Tveiten: Sogeleiaren har ordet
Andres Helle: Redaktøren har ordet
Hans Georg Kohler: Galleriet
Reidar Tveito: Sogegransking gjennom Facebook?
Knut K. Homme: Vegen og dalen (dikt)
Andres Helle: då & no
Sigrid Bø og Jarnfrid Kjøk: Om eventyrinnsamling i Setesdal og døme på erotiske motiv, erotisk biletbruk og skjemt
Annemor Sundbø: Å glåmse. Ein sådomsleik i jola
Knut K. Homme: 1844 – eit tidsbilete frå Valle
Olav M. Holen: Noko frå Ljosådalen
Torgeir Moseid: Slutten for Dampskibsaktieselskapet Bjoren og Dølen
Johnny Haugen: Hovden Høyfjellshotell – Luksushotellet i «ødemarken»
Bjarne Tveiten: Samehistoria i Setesdal
Ole Birger Lien: Ein ekte setesdøl sveittar eksos!
Hans Georg Kohler: Galleriet

I tillegg er det annonsar frå annonsørar frå Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle.

Men eg saknar korte omtalar av forfattarane. Elles er det eit framifrå produkt som bør få mange leserar. Opplaget er på 1500 eksemplarar og årsskriftet er for sal frå Kristiansand til Hovden, i alt 20 plassar på strekninga.