På pensjonistforening

Share

Åse Holen spurde om eg ville vere med på Valle pensjonistforening i kveld. Dei skulle ha møte på Bergtun, og dersom eg kunne, hadde det vore fint med ein andakt og eit kåseri.

Klokka 17 var vi 17 personar samla i stova på Bergtun. Kjetil Rike hadde med trekkspelet og eg hadde fått med Michael frå Myanmar til å spele gitar i samband med andakten eg heldt. Den var bygd opp rundt sangen Blott en dag, som har 150-årsjubileum i år, Lina Sandell hadde den med i kalenderen Korsblomman i 1865. I sangen siterer ho frå 5. Mosebok 33, 25: «Som dine dager er, skal din styrke være.»

Inspirasjonen til andakten fekk eg frå svensk TV2 som sender gudsteneste kvar sundag klokka 10.05 og som i går hadde gudsteneste frå Frelsesarmeen i Västerås der dei song denne sangen. Det fekk meg til å leite litt på Internett, og der fann eg salmebloggen til Leif Haugen, og den hadde mykje av stoffet eg brukte i andakten. http://salmebloggen.trykker.com/2009/10/05/blott-en-dag/

Etter at vi hadde sunge sangen til Michael sitt gitarakkompagnement, song Michael ein song på burmesisk. Så var det utlodning før vi fekk smørbrød. Kaka sparte vi til etter kåseriet mitt, som handla om nye landsmenn i kommunen vår, det er eit tema som folk veit for lite om. Eg fekk fine kommentarar etter kåseriet, pensjonistane tykte det hadde vore interessant å høyre litt om kor folka kjem frå og kvifor dei er i Norge. Når ein får høyre litt om dei som lever i bygda vår, blir problemstillingane vi ofte får omtalt i media litt nærare og litt meir konkrete.

Med det vart kvelden runda av. Sangen Sov du vesle spire ung vart siste songen i kveld, den var det ikkje så mange som var trygge på melodien til, så eg måtte til med min noko harkande stemme. Men det gjekk høveleg, og korkje under andakt eller kåseri tok kriblinga i halsen overhånd, så alt i alt var det ein triveleg kveld.