Meir om krypsiv

Share

Første onsdagen i mars 2015 hadde eg med Atle Torvik Kristiansen på telefonen frå Kristiansand. Han er prosjektleiar for krypsivprosjektet og fortalde om situasjonen i dag i samband med at prosjektet no søker om 30.000 kroner frå mange kommunar på Agder.

Det meste av inntektene til krypsivprosjektet på Agder kjem frå Staten, eg trur han sa 3,5 millionar. Så yter kraftselskapa, fylka og kommunane resten av budsjettet på 4,8 millionar. For dette får ein pengar til å rydde i Otra, Mandalselva og Sira-Kvina, men også til forskning. Om lag 2 millionar går til tiltak, like mykje til forskning og resten til prosjektleiing.

Prosjektleiaren fortalde at det er ein vanskeleg kamp å få bukt med krypsivet. I dag dekker det store deler av Otra, og arbeidet for å fjerne krypsiv skjer på nokre få stader, mellom anna ved Granheim. I alt vart det klypt og frest krypsiv på 533 dekar i 2014. Amfbieservice gjorde jobben. Dei hadde også oppdrag i Mandalselva og i Sira-Kvina, men i Mandalselva var oppdraget om lag 200 dekar og i Sira-Kvina om lag 400 dekar, ifølge rapporten som låg ved papira til formannskapet i morgon, der rådmannen innstiller på at prosjektet får pengane.

Det skjer mykje forskning på krypsiv, men ein har ikkje funne årsaken til oppbløminga av planten i dei regulerte vassdraga på Sørlandet. Planten finst heilt nord til Troms, men elles i landet er det ikkje slik tilgroing som her.

I 2015 er eit viktig prosjekt å gjennomføre flyfotografering av krypsiv. Det vart sist gjort i 2009 og 2010.