Å, for ein strålande morgon

Share

I dag vakna vi til ein strålande morgon. Sol frå skyfri himmel med nyfallen snø på toppane, dei kneisa kvite mot den blå himmelen.

Vi fekk oss ein solid frukost på Otta Hotell. Det var ikkje mange til frukost, men det var full oppdekking likevel, endåtil havregraut var på menyen. Nysteikte rundstykke, nysteikte brød, variert utval av pålegg, ostar, juice, melk, kaffe. Til avslutning steikt Reidun vaflar til oss, då var vi godt rusta for siste del av turen til Ålesund.

Snart passerte vi Dovre, på Dombås svinga vi vestover og heldt fram mot Lesja. Vi hamna bak ein trailer, men veret var så nydeleg at eg valde å legge meg godt bak han i staden for å kjøre forbi. Difor gjekk det i eit tempo der vi kunne sjå oss litt rundt, mellom anna legge merke til skiheisane på Bjorli og Reinsheimen nasjonalpark mot sør.

Så gjekk ferda ned Romsdal med Trollvegg-fjell i hopetal. Mannen stod enno, vi måtte tenke på alle journalistane som venta på at han skulle falle. Men snart var vi ute ved Åndalsnes, traileren stoppa og vi svinga over brua til Veblungsnes.

-Der er Rauma Ullvarefabrikk, sa eg til Reidun, skal vi stoppe og få med noko garn?
-Eg fekk nettopp 10 kg, det får halde, trur eg! var svaret.

Så dukka vi inn i ein seks km lang tunnel, og like etter kom ein på fire. Så gjekk ferda ganske jamnt til vi kom fram og møtte dei andre som var komne til familiehøgtida. Ettermiddagen gjekk med til å gjere klart til festen i morgon. Søskenbarn kosa seg i lag, og søsken prata og kosa seg i lag på begge sider. Dei fekk meg til og med til å spele Uno. Det hadde dei ikkje opplevd før.

Bur det sunnmøringar i Valle? undra vi oss på turen. Vi kom ikkje på nokon, men kan hende er dei der likevel. Ånund K. kjem ikkje før i april, eg las i avisa at han ikkje lenger er valldøl i folkeregisteret og difor ikkje kunne stå på Venstrelista. Men han er no valldøl likevel.