Å, for ein strålande dag

Share

Å, for en strålande morgon,
å, for ein strålande dag.
Strålande glad kan eg kjenna:
lukka og eg er i lag.

Slik lyder refrenget som eg hadde første linje av i overskrifta i går. I dag kom andre linja i refrenget som overskrift, og då kunne eg like gjerne ta med heile refrenget.

Dagen i dag var ikkje strålande i naturen, noko som vermeldinga i går bar bod om. Det skulle bli regn og vind, noko som ikkje er uvanleg på Sunnmøre. Men morgonen var likevel betre enn meldinga tyda på, så vi kom oss til Borgund kyrkje utan å få regndråpar på oss.

Der var det mykje folk, det skulle vere barnedåp for fem born på Maria bodskapsdag, som denne sundagen heitte, det er altså ni månader til jol. Vi var der fordi vårt barnebarn Camilla skulle døypast, og det var jo difor dagen var strålande.

Gudstenesta var og strålande, frå prosesjonen med dåpsbarn i flokk og fylgje, ein prest og organist med medhjelparar som alle gjorde ein strålande innsats, dei hadde til og med teiknesaker klare då tida fall lang for dei minste. På Sunnmøre syng dei i kyrkja også når dei fleste i kyrkjelyden er i dåpsfylgje, denne sundagen var det og nattverd med intinksjon, og det var ingen kort del av gudstenesta.

For oss heldt så dagen fram i godt lag med familie og god mat til middag frå eit velfylt koldtbord og eit sunnmørsk kakebord ein ikkje kunne prøve alle sortar av. Praten gjekk livleg utover ettermiddagen medan veret utanfor først drog seg til med regn og vind, men sidan stilna av og letta. Barna hadde rikeleg høve til aktivitet på eigne premissar og nytta dei til både spel og leik.

Alt dette til saman gav grunn, også utanom den teologiske, til å kalle dagen strålande. Når så hovudpersonen vår fann det høveleg å sove det meste av tida og under sjølve dåpshandlinga heller ikkje fann det naturleg å vise at det var luft i lunger og kraft i stemmeband, ulikt fleire av dei andre i tilsvarande situasjon, var ikkje grunnen til å kalle dagen strålande noko mindre.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *