Gratulerer til Aron

Share

I kveld var Aron Åkre Rysstad innom i radioen for å fortelje om korleis det var å vere med på Hovedlandsrennet, skirennet for ungdom som fungerer som Norgesmeisterskap. Han konkurrerer i klasse G-16, og i år var rennet i Sande og hans klasse hadde 360 deltakarar.

Fredag deltok han på 7,5 km fristil, der vart han nr. 21. Han hadde jo tenkt å kome på topp ti, men det var ein ungdom frå Geilo, Filip Fjeld Andersen, som var i særklasse, han slo dei andre med eit halvt minutt, deretter var det mange på kvart sekund bak han, og då vart det bare nr. 21 for Aron. Filip er og skiskyttar, og han vann alle renna han deltok i.

Laurdag var det klassisk sprint, og der vart Aron nr. 3. Han hadde teke mål av seg til å bli med dei 30 som fekk vere med vidare frå kvalifisering, og det klarte han. Han nådde heilt til finalen, og det vart altså medalje i resultat.

Sundag var det stafett, då var det 80 lag som starta, og Aron gjekk andre etappe, klassisk, på førstelaget til Agder og Rogaland. Der vart det fjerdplass. Her var han saman med Daniel Kaale Svela, som gjekk 1. etappe, så gjekk Aron 2. etappe og deretter kom Åsmund Wiberg og Thor Arild Aas.

Aron kom i studio klokka 20.45. Då hadde han bak seg ein tur heilt inn til Kvislevasskaret og tilbake og så nokre rundar i lysløypa, til saman omlag 30 km. ein kan ikkje anna enn å ta av seg hatten for innsatsen og takke for at han delte litt av skikarrieren sin med lyttarane i radioen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *