Heimover att

Share

Etter ein sjeldan regnvåt måndag kom tysdag med sol og klårver. Då var det triveleg å ta fatt på heimvegen frå Ålesund.

Trafikken var noko annleis no enn laurdag morgon, men det gjekk i lagleg tempo innover mot Åndalsnes. Det vart ein stopp på Rauma Ullvarefabrikk, men Reidun gav seg ikkje til kjenne som kjøpar av garn til Setesdalsgenser. I staden vart det nokre nøste til samlinga av håndstrikkegarn før ferda gjekk oppover Romsdalen. Mannen stod der framleis, så langt vi kunne sjå var det ingen journalistar som venta på at han skulle falle. Men Trollveggen og Trolltindane var kvite og fine i solskinet, truleg var regnet vi hadde i Ålesund måndag snø på toppane her inne. Men vegane var turre og fine, trafikken var lagleg, og snart var vi på E6 og kunne vende nasen sørover.

Det enda med at vi stoppa på Gjøvik og fekk oss rom. Middagen var det Egon som serverte oss, og den var nydeleg, ikkje minst den bakte poteta som fylgde med min porsjon med biffsnadder. Reidun ville heller ha kyllingfilet, også den var velsmakande og mettande.

Etter ein liten kikk på vermelding og nyhende var det i grunnen ikkje anna å gjere enn å ta kvelden og samle krefter til morgondagen og siste etappe i denne reiseskildringa frå ein tur over halve Sør-Norge i slutten av mars 2015. Landskapet er heilt ulikt det vi kjenner frå støvete sommarvegar med stor trafikk. Men like fullt er det vakkert og fascinerande å sjå dei store variasjonane i vårt langstrakte land.

Av og til kjem vi forbi namn vi forbinder med ting vi kjenner frå ulike samanhengar. Vi passerte Orheim og eg måtte tenke på den blinde predikanten Mathias Orheim, han som song og spelte på glass. Då eg var liten, var han visst på Ålgård, eg trur eg hugsar han, men det er bare som klangar i glassa, ikkje som predikant. På vegen til Dombås kom vi til Lesja, og plutseleg såg vi eit skilt Nordsletten. Då måtte eg tenke på salmediktaren Per Nordsletten, og sanneleg så var han frå Lesjaskog, det fann eg ut då eg slo opp på Salmebloggen til Leif Haugen. http://salmebloggen.trykker.com/2014/02/07/var-store-gud-gjor-store-under/

Det minna meg om ein stor underskog i kulturlivet som sjeldan er framme i rampelyset, dei mange som på ulike måtar har gjort seg gjeldande på bedehusa og i kyrkjene, men i mindre grad i samfunnslivet i landet. Ikkje alle har fått sin rettmessige plass i historiebøkene, men lever i minnet til folk som ferdanst i dei krinsane.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *