Kandidatar til Setesdalsprisen 2015

Share

Onsdagskvelden var Signe Sollien Haugå i studio i Valle Radio for å minne om at det er tid for å føreslå kandidatar til Setesdalsprisen 2015. Då kan det vere greit å minne om dei som har fått prisen før:

2014: Terje Greibesland, Setesdal Bilruter
2013: Per Birkeland, Byglandsfjord Sag
2012: Alf Tore Moen, Evjeklinikken
2011: Hanna Elise L. og Bjørn Erling B. Auestad, Bykle Hotell
2010: Saavi S. Nomeland, Nomeland Anlegg

Det er artikkel om prisen på Setesdalswiki. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalsprisen

Prisen vert delt ut på Setesdalskonferansen 2015, som skal haldast på Bykle Hotell 9. og 10. april. Signe gjekk gjennom programmet munnleg, det skriftlege er ikkje heilt klart enno, men vil bli lagt ut på Setesdalswiki så snart det er klart.

Signe fortalde og om eit magasin som Setesdal Regionråd skal gje ut. Det skal delast ut i Setesdal i sommarsesongen. I år har Regionrådet prøvd ei ny form, firma kan gje tilbod på å lage magasinet mot å få behalde reklameinntektene som annonser i magasinet skaffar. Fristen for å kome med tilbod er fredag 13. mars, og det er også fristen for å kome med forslag til kandidatar til Setesdalsprisen.

Av andre tema som Signe var innom, var arbeidet med desentralisert sjukepleiarutdanning og desentralisert ingeniørutdanning. Det er på tale å få til slike grupper i Setesdal i samarbeid med Universitetet i Agder og med Lister Regionråd. Det kan vere eit godt høve til å skaffe seg utdanning i nærmiljøet, og det er jo også med på å sikre kvalifisert arbeidskraft i regionen, for det er nok lettare å behalde folk som har teke slik utdanning lokalt.

Regionrådet stiller alltid opp når vi i Valle Radio spør dei om å bidra i programa våre. Det er vi svært takksame for.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *