Så kom regnet

Share

Med måndagen kom regnet over Ålesund. Då vi vakna opp i dag tidleg, var det ikkje måte på kor det regna. I tillegg var det vind av styrke sterk kuling, truleg med storm i kasta. Det frista ikkje nokon til å gå ut, men vårt barnebarn Henrik kom seg i barnehagen, rett nok noko seinare enn vanleg.

Sigmund og Margaret måtte huse oss til i morgon, det syntest dei var hyggeleg, og så kunne vi vere med og hjelpe dei med restane etter barnedåpsfesten sundag. Men måndagen vart ein stille dag, vi valde å droppe sightseeing i Ålesund så vel som andre aktivitetar.

I kveld fekk vi oss ein hyggeleg samtale der han fortalde noko om responsen han har hatt på nettstaden http://sunnmiddelalder.net/ som han har sett opp. Der har han mellom anna kyrkjene som var i middelalderen på Sunnmøre. http://sunnmiddelalder.net/index.php/bygninger/middelalderkirker-pa-sunnmore

Han fortalde og korleis dette har ført til at han prøver å plotte inn på kart alle kyrkjene i landet i middelalderen, både steinkyrkjer, stavkyrkjer og det som vert kalla papirkyrkjer, kyrkjer ein kjenner frå kilder, men som ikkje finst lenger.

Her kunne eg syne han Knut K. Homme sin artikkel i Setesdal og setesdølar der han skriv om vigslinga av kyrkja i Valle i 1844 og om kyrkja som vart riven året før. Og teikninga i den artikkelen med fjellet Stol som var vardefjell. Sigmund vart svært interessert, for han skreiv oppgåve om vardesystemet i Noreg då han studerte historie i Volda i fjor.

Så sjølv om regnet kom, var vi ikkje heilt utan noko å gjere og noko å snakke om.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *