Setesdølar på Svalbard

Share

I dagens Setesdølen var det ein interessant artikkel om fire karar frå Bjåen som overvintra på Svalbard. Halvmåneøya er ei øy sør for Egdeøya. I 1947-48 overvintra Olav Bjåen, Sjur Bjåen, Jon Bjåen og Knut Bjåen der for å skyte isbjørn. Dei gjorde det dugeleg godt der oppe, og skaut m.a. 168 isbjørnar, noko Tromsø Museum har registrert som verdsrekord for eit jaktlag på ein sesong. Dette var siste sesongen det gjekk an å drive isbjørnjakt, året etter vart bjørnen freda.

I artikkelen fortel Herdis Lien, som er konservator på Svalbard Museum og sjølv har budd der i 9 år, om då nokre av barna var på besøk på Halvmåneøya, for å sjå staden dei har høyrt fedrane fortelje så mykje om. I dag har ikkje folk lov å gå i land på øya med unntak av like ved fangsthytta, og då bare etter avtale med sysselmannen.

I Heimar og folk i Bykle står det litt om vinteren på Svalbard, eller rettare sagt om kva som skjedde då dei kom heim:

Då dei kom heim hadde Olav og Knut med seg 9 isbjørnungar, 8 av dei hamna med tida i dyrehagar i Danmark. Ein av dei var tamare enn hine, og Knut gjekk med han i band då han steig av båten i Tromsø. Så hadde han ærend åt Vinmonopolet, og bjørnen fylgde med. På Polet var det lang kø framom disken, då Knut og bjørnen kom, men den forsvant fort då folk gådde kva slags dyr han hadde med seg, så han fekk skjot ekspedering. Denne bjørnen hadde dei tidlegare hatt nærast som huskatt på Svalbard. Han var stort sett snill i huset, men ein gong Knut sat og spela på mandolin, kom bjørnen og smadra instrumentet, han lika ikkje musikk. Ein annan bjørn var så sinna at han måtte avlivast. Dei trekte lodd om han, og Olav vann. I dag står han i utstappa form i huset hjå Sondov Bjåen i Kvæven.

Finn gjerne fram avisa og les artikkelen, den er interessant, og det kjem meir i neste avis.

http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Bj%C3%A5en_(Bykle_gnr_1/3)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *