Sjømannskyrkjekveld

Share

I kveld var det sjømannskyrkjekveld i Valle kommunestyresal. Medrekna Steinar Tverrli, sjømannsprest og hyttehylstring, var vi 12 personar som fekk smake på Astrid Nomeland sine vaflar etter eit interessant jubileumsforedrag der Steinar Tverrli fortalde historia til organisasjonen.

Den har gått gjennom mange endringar frå starten i 1864, då sjøfolka vel var dei einaste nordmenn som reiste utanlands utan å emigrere. I dag er det til ei kvar tid 200.000 nordmenn i utlandet. Vinterstid på soling i Spania og andre varme land, året rundt som studentar i USA, Australia og Europa, men også på jobb i utlandet i kortare og lengre periodar. Nokre trailersjåførar nyttar kyrkja sin dusj, alle gjester nyttar minst eitt av dei tre borda som ein ofte seier at Kjerka tilbyr: Biljardbord, kaffebord og alterbord.

Jubileumsforedraget vart illustrert med små filmar og bilete på powerpoint. Dermed fekk vi ei fin innføring i utviklinga gjennom 150 år med teneste for nordmenn på reise i andre land.

Det var jo naturleg å ha vaflar til kaffemat denne kvelden, og etter ein god pause hadde Tverrli Ord for kvelden før vi gjekk frå kvarandre.
I samtalen fortalde han at han hadde feriebustad i Brokke og at han hadde planar om å gå HovdenTour laurdag. Eg lova han artikkel på Setesdalswiki, den er no på plass. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Steinar_Tverrli

Sissa takka av utan å nemne kollekt, men eg kunne ikkje dy meg, eg etterlyste kollekten, og då kom det fram ei skål som i alle fall samla inn nok pengar til å betale for kaffe og vaffelrøre. Innsatsen til Astrid på kjøkkenet er ubetaleleg, men det er alltid trong for nokre kroner.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *