Solformørking

Share

Dagens solformørking opplevde eg i Høydalsmo. Eg har vinterferie og i dag tidleg la vi i veg mot Ålesund, der det skal vere barnedåp for Sigmund og Margaret si dotter Camilla til sundag.

På veg frå Eidsborg til Høydalsmo sa Reidun plutseleg: -No går månen framom sola. Det var nokre skyer som gjorde at vi kunne sjå mot sola og få med oss fenomenet.

På Svalbard var det 100% solformørking, på fastlandet bare 80-90. Kor mykje det var på Høydalsmo, veit eg ikkje. Vi sat inne på vegkroa med ein kopp kaffe då det bleikna mykje i lyset. Så tok det seg opp att og det heile var over. At 2500 reiser til Svalbard for å sjå den totale solformørkinga, det kan eg knapt skjøne.

For oss gjekk vegen vidare til Notodden og Kongsberg. På veg til Drammen svinga vi av og sette kursen mot Hønefoss, Gjøvik og Lillehammer. Så tok vi fatt på Gudbrandsdalen. Den har eg tidlegare kjørt mange gonger sommarstid, det er noko anna å ta turen om vinteren. Tilboda til turistane er langt færre no.

Elles har trafikken denne fredagen vore fin og roleg. I Hønefoss karra vi oss gjennom rushtidstrafikk klokka 14.30-15, men elles har den gått fint og forsiktig. Det er mykje regulering og folk har visst fått med seg korleis ein skal unngå å bli teken av politiet sin radar: ein må passe på å halde pila på speedometeret under talet ein ser på runde skilt med rød kant langs vegen!

Vi tok kvelden på Otta, fekk oss eit rom på Otta Hotell, men middagen måtte vi ta på kinarestauranten i byen, hotellet sitt kjøkken var ikkje ope. I morgon tek vi siste etappe, og så blir det fest på sundag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *