Til Valle

Share

Etter ei god natt i Gjøvik vakna vi til vinter og snø. Vi høyrde i media at Oslo hadde fått eit lag av kvitt, og etter frukost la vi i veg sørover mot Toten. Der møtte vi snøføre og forsiktig trafikk mot Hadeland og Gran, på veg mot Jevnaker hamna vi bak ein brøytebil med salt på lasteplanet, heldigvis ikkje som første bil i køen. Men vidare var det i grunnen greitt å kjøre, heilt til vi kom til Høydalsmo. Der møtte vi snøføre att, så derifrå var det bare å ta tida til hjelp. I Dalen var det snøfritt, men over Skafså var det jo vinterleg, til og med litt vind.

Men før vi kom dit, hadde vi hatt ein stopp på Gvarv. Der har dei hatt eit antikvariat, så eg tenkte om eg kanskje kunne finne ei bok å ta med meg. Men dei hadde flytta til Skien, i det heile var det mange tome lokalar i bygda der. Så gjekk turen ti Bø. Der fekk vi god lunsj på restauranten Den gode nabo, den har halde på sidan 1995, men eg hadde aldri vore der før. Det var god mat, ei nydeleg soppsuppe, varme rettar og salatar på ein lunsjbuffet som var open frå 11-14. http://www.dengodenabo.net/

Til vanleg når vi er på tur, samlar eg brosjyrer der eg finn dei. Denne gongen var det bare i Bø eg plukka med meg brosjyrer. Den fyrste heiv eg fort, det var ei annonseavis for Bø, og den interesserte meg ikkje. Men dei hadde ein flott kulturguide for Bø – Nome – Sauherad. Den studerte eg då eg kom heim, dei har eit aktivt kulturliv der, noko som ikkje er så unaturleg når ein tenkjer på alle studentane som held til i bygda. Brosjyren hadde ei adresse til Internett, så du kan sjå litt av det som skjer i Bø, du og: http://www.midt-telemark.com/hva-skjer?TLxcat=39_866 og http://www.gullbring.no/

Så var det godt å kome til Valle att, få liggje i eiga seng ein time og slappe av og samle krefter etter ein innhaldsrik vinterferie. Vel heime kunne ein setje på radioen og høyre overføringa frå kommunestyremøtet i kveld, det starta med ei fin orientering av Tarjei Haugen med tankar om å gjere verneområdet om til nasjonalpark og kva konsekvensar det kan ha.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *