Jordskjelv

Share

Eg skulle akkurat reise meg frå stolen og ta kvelden etter ei god økt med Edvard Hoem si bok Slåttekar i himmelen då det kom eit kraftig brak, det høyrdest ut som ein veldig stor lastebil som kjørte i stova over meg.

-Har det kome folk oppe no til 1. mai, tenkte eg, men det var jo underleg, dei pleier ikkje å bråke slik. -Eller var det kanskje torever?

Så vart det stille, eg tok kvelden og tenkte ikkje meir på det. Men då eg kom på skulen i dag, spurte kollega Øystein om eg hadde merka jordskjelvet.

Då fall bitane på plass. Sidan las eg om det både i fvn og agderposten, artiklar delte på facebook kan ein lese sjølv om dei er lukka om ein går inn frå avisa si heimeside. NRK har ikkje begynt med lukking enno, så for ein gongs skuld la eg inn notis på Setesdalswiki sin datoartikkel for 30. april 2015 ei hending som ikkje var eit kulturarrangement. Eg la også lenka til nrk sin artikkel om saka der.
http://www.setesdalswiki.no/wiki/30._april_2015

Då eg kom til Bygland og svinga innom Setesdølen, møtte eg Ole Birger Lien, som var mildt sagt sur fordi han hadde sove så godt at han ikkje merka nokon ting. Eg fortalde kva eg hadde opplevd i natt, og han tok bilete av meg og ville ha ein lokal som kunne seie litt.

Sjølv tenkte eg litt på at episenteret var ved Blåsjø og laga ein liten artikkel om Blåsjø på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Bl%C3%A5sj%C3%B8

Eg snakka litt med Ole Birger om at Blåsjø er kunstig og at 14 dammar er bygde for å skape kraftmagasinet og lurte litt på kor jordskelvsikre dammane for alle kraftmagasina i Setesdal er. Om han går vidare på den tanken, kan du sjå i Setesdølen til tysdag. Kan hende må eg sjølv ta ein prat med Reidar Mork om det i Valle Radio neste veke.

Meir om sponsing

Share

Eg las i avisa no ein dag at det var vanskeleg å få til sponsing av kultur.arrangement. Den som uttalte seg, meinte at sponsinga måtte organiserast slik at det vart noko av verdi for både den som sponsa og den som vart sponsa. Veldig ofte var føresetnaden bare at sponsing gjekk den eine vegen.

I går skreiv eg om korleis Setesdal Regionråd sponsa den konkurransen vi har hatt på Setesdalswiki i april. No er det bare att ein dag, så vil vi trekke.

Første tema i den aktuelle timen i går kveld handla om sponsing, rett nok måtte vi gå ein omveg. For eg spurde Øyvind Thomassen i studio om kvifor så mange bilar i Valle køyrer rundt med Byggi Valle på bakruta. Øyvind er dagleg leiar av Byggi Valle, så han var rette mannen til å svare.

Då kunne han fortelje at han hadde fått trykt opp 200 slike klistremerke. Optimera hadde sponsa dei for han, så det hadde ikkje kosta Byggi noko, dei tenkte visst at han hadde kome opp med eit morosamt reklamestunt. Koblinga mello Optimera og Byggi hadde eg ikkje klart for meg, så eg slo opp på internett for å finne det ut:

Optimera er Norges største aktør innen salg og distribusjon av byggevarer, trelast og interiør med 140 utsalgssteder, 2000 ansatte og nærmere 7 milliarder i omsetning. Virksomheten innbefatter Optimera Proff, Optimera Handel, Optimera Byggsystemer, Optimera Logistikk og kjedene Montér, Trend og Byggi. Optimera er en del av det internasjonale konsernet Saint-Gobain som har 193000 medarbeidere i 64 land og er Europas største distributør av byggevarer.

Så hadde han fått nokre leverandørar til å tenne på ideen, mellom anna Butinox, som hadde lova måling til eit heilt hus, det var også mange andre flott premiar:
1 stk Hitachi drill.
1 stk hybrid gressklipper fra Ryobi.
Gavekort på 4000,- på Fibo-trespo produkter.

Kravet er at den som får klistremerket, må ha det på bilen til trekninga er ferdig, og trekninga vil skje den dagen han deler ut det siste klistremerket. Til no har han delt ut om lag 80, så han har 120 att, men vonar å bli kvitt dei før sommarferien.

Kåseriet mitt i går handla om sponsing av Setesdalswiki, og sidan vi var godt i gang, lova han der og då å sponse ein premie til konkurranse på Setesdalswiki, eg måtte bare kome bortom Nomelandsmoen i Valle, så skulle eg få ein premie til konkurransen.

Og så lurte han på kva tid folk ville hente gevinstane han hadde sponsa påskebasaren til Valle Radio med. Vigdis Beisland som vann bålpanne hadde ikkje henta sin premie, heller ikkje Kjetil Tveitan, som vann skismørepakke. No fekk dei ei påminning, om dei høyrde programmet.

Er det rart om eg smilte då han forlet studio?

Sponsing

Share

Av og til får eg spørsmål om Setesdalswiki og korleis prosjektet er finansiert. Ikkje minst lurer folk på det når dei ser bannera på Wikipedia som no kjem opp med spørsmål om folk vil gje pengar til prosjektet.

Setesdalswiki er eit dugnadsprosjekt der dei som skriv, gjer det fordi dei vil dele kunnskap og bygge relasjonar i Setesdal. Det tekniske vert styrt av Helge Haugland, han har server for prosjektet og gjer også det på dugnad. Programvaren kjem frå Wikimedia, den vert oppdatert med jamne mellomrom, men den er også gratis. Dermed er det bare domenet som kostar pengar, og til no har vi fått inn litt i sponsing slik at vi har klart å dekke dei kostnadene.

Setesdal Regionråd har vore ein viktig støttespelar for prosjektet. Difor sendte eg i dag eit spørsmål til dagleg leiar der om dei kunne sponse konkurransen vi har på Facebook i april med premiar.

-Sjølvsagt kan vi det, sa Signe Sollien Haugå.

Dermed gjekk eg ned på kontoret hennar og kunne hente den nyaste plata til Inger Lise Stulien. 1. mai trekker vi blant svara som har kome inn. Kvar dag i april har vi hatt ein konkurranse på Facebooksida til Setesdalswiki der vi har lagt ut spørsmål der ein kan finne svaret på Setesdalswiki. Du kan bli med i morgon, den som svarar først, blir dagens vinnar.

Her er sida med spørsmåla: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalswiki:Konkurranse_april_2015

Reddande engel

Share

I kveld vart Signe Sollien Haugå ein reddande engel for Haralds time. Måndag gjorde eg avtale om at Jon Rolf Næss skulle fortelje om landsmøtet i Arbeiderpartiet der han vart vald til sentralstyret. Han lova å vere med, sjølv om han var på veg til Oslo denne kvelden. Men i kveld han tok ikkje telefonen, eg trur vi prøvde ein halv time, det ringde og ringde, men svar fekk vi ikkje.

Heldigvis hadde vi eit par opptak som Lotte Rysstad hadde laga, eit intervju med Elin Uppstad og eit intervju med Synne Åkre. Dei sende vi mens vi prøvde å få tak i Jon Rolf, sjølv om avtalen var å starte med han. I staden måtte eg prøve å finne ein som kunne vere med i staden, og då vart det Signe Sollien Haugå, ho er alltid villig om ho har høve.

I kveld hadde ho vore på styremøte i Husfliden Arendal og var på veg heim. Då vi nådde henne, var ho i Froland, og Signe har alltid litt av kvart å fortelje. I kveld vart det desse emnene vi snakka om: Ladestasjonar i Setesdal, Framtidsbygda 2015, Fagdag om bygningsvern 2015, Setesdalskonferansen 2015, Arendal Husflidsentral og Nordisk strikkesymposium 2015.

Regionrådet har vedteke å setje opp ladestasjonar i kvart kommunesentrum, så no kjem dei ved KIWI på Evje, ved Glashytta i Bygland, i Valle sentrum og ved Bykle Hotell. Det var ein stor jobb, for ein måtte nytte reglane for offentleg tilbod, det var mykje papirarbeid, fortalde ho, men lærerikt. Jobben med å fylgje opp prosjektet skal Geir Skjevrak ha og målet er å få dei på plass til ferien, det er mange som har spurt etter dette, og for Setesdal, som produserer meir elektrisk kraft enn det agderfylka treng, er det flott å profilere seg som den grøne dalen på denne måten. Men det er mykje som må gjerast for å få det på plass, mellom anna må ein sikre seg at ein har nok trafo-kapasitet.

Ein annan sak vi snakka om, var konferansen Framtidsbygda, som skal vere i Iveland 8. mai. Den er gratis, påmelding må skje innan 27. april. Signe var og oppteken av ein fagdag om bygningsvern som skal vere 12. mai. Der er og målet å koble saman folk som har gamle hus som treng reparasjon og fagfolk. Fagdagen skal foregå som ein busstur der dei skal innom både Slengen på Rygnestad og Åraksbø før dei endar opp på museet. Ho fortalde og at dei no sender ut spørjeskjema i høve Setesdalskonferansen 2015 for å få respons frå deltakarane om korleis dei opplevde konferansen.

Signe vart kveldens reddande engel for meg og fortener stor takk for at ho kunne vere med.

Sterke saman

Share

I kveld hadde eg Leiv Rygg med meg på telefonen og då fekk folk vite kvifor han ikkje var på Setesdalskonferansen i år, den har han alltid prioritert høgt. Men han er med i landsstyret for Utmarkskommunenes sammenslutning, og dei hadde landsmøte dei dagane vi hadde Setesdalskonferansen.

Dei tre kommunane øvst i Setesdal har vore trugne medlemmer i denne organisasjonen, då Steinar Kyrvestad var ordførar, var han og leiar i USS, som forkortinga lyder. No har Leiv denne stafettpinnen, og han fortalde at ei av sakene dei arbeidde mykje med no, var saka om motorferdsle i utmark. Vi snakka litt om at kommunane sjølve burde få rå her, Leiv meinte at om Bygland fekk lage løype der folk lovleg kunne bruke snøscooter, ville noko av den ulovlege køyringa ein veit skjer i Bygland austhei falle bort.

Han berømma sekretariatet, som hadde høg juridisk kompetanse, noko som er naudsynt i dei sakene som organisasjonen steller med, mellom anna spørsmål om forvaltningsplanar og rovviltproblematikk.

Du kan lese meir om USS på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Utmarkskommunenes_sammenslutning

Stas

Share

I arbeidet med programmet i radioen for denne veka hadde eg sett opp Sangkveld klokka 19.30 tysdagskvelden. Sist hadde eg med meg Inger Lise Stulien på telefonen. Laurdag lanserte den nye plata si Berre deg laurdag på Byremo. Denne dagen, 17. april fylte far hennar, Arthur Stulien 91 år og i dag fyller ho 40, så det var både bursdag og release.

Eg sette opp sangkveld på programmet eg sende til avisa utan å vite kva eg skulle ha denne gongen. Så kom Kjetil Rike innom med ei flunkande ny plate: Dei venaste songane. Det er opptak som er gjort over lang tid, og den skal eg presentere i morgon, med han sjølv i studio. Det er syskena Rike, ikkje bare Kjetil, men alle fem i den sangglade familien. Det vert stas.

Her er programmet for veka:

Tysdag 21. april

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.30 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time med blant andre Leiv Rygg som fortel om Utmarkkommunenes sammenslutning og Anna Heggland som fortel om diakonidagar i Øvre Setesdal
19.30 Sangkveld
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 22. april

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
Telefonvakt frå 20.30: Ingeborg Åkre Løyland

19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved Unn Merethe Nordby
20.00 Lotte Rysstad i samtale med Elin Uppstad og Synne Åkre. Deretter aktuelt
21.00 Opi sending ved Kåre Rike og Jorunn Lund Harstad

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Helg i Valle

Share

Det vart ei ordning likevel, som eg skreiv i går. Eg fekk ei helg i Valle, og det var triveleg. Laurdag tok eg det med ro heime det meste av dagen.

Men sundag var eg til gudsteneste i Valle kyrkje klokka 17. Det var diakoniens dag, prostidiakon Anna Heggland var saman med sokneprest Terje Seilskjær. Denne dagen var Tårnagentdag og Tårnagentane deltok i prosesjonen og med lesing. Marianne Haugerud frå Stefanusalliansen orienterte om misjonsprosjektet. Etter gudstenesta var det kveldsmat for alle i Valle menighetshus.

Det vart ei triveleg stund i kyrkja, mange barn, eg trur dei går i 1. klasse når dei er Tårnagentar, det er ein del av kyrkja si dåpsopplææring, og mange foreldre fylgde barna.

Ved utgangen fekk vi ei overrasking frå barna, alle fekk kvart sitt hjarte med eit skriftord på. På mitt stod det: Herren din Gud gleder og fryder seg over deg og gjev deg på ny sin kjærleik. Det var frå Sef. 3,17 og var godt å ta med seg til kveldsmaten i Menighetshuset.

I gudstenesta fekk to trugne tenarar i kyrkjelyden blomar. Det var Gyro Haugen og Ingebjørg Brottveit. Gyro hadde vore med i Prestegardens kvinneforening i over 60 år, foreninga arbeider for Det Norske Misjonsselskap (NMS). Vi fekk og ei fin orientering om kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt, som er i samarbeid med Stefanusalliansen og er retta mot å støtte kristne i Egypt. Marianne Haugerud synte bilete og fortalde levande om arbeidet under kunngjeringane, og det kom inn over 4000 kroner til dette arbeidet.

Kveldsmaten var god og velsmakande med eg og gaffelbitar, dei forsvann forresten så fort at eg fekk ikkje prøve fast fylgje denne gongen, men dansk salami er også godt saman med egg. Og så markerte vi at soknepreste Terje Seilskjær fylte 60 år 10. april. Han fekk bursdagssang og alle fekk marsipankake i dette selskapet.

Før eg kom meg heim att, hadde eg gleda av å kjøre organist Tonhild til Bykle, ho var utan bil i kveld og gav meg ein fin kveldstur nordover dalen i det vakre vårveret vi hadde i dag.

Å kome i gang att

Share

Etter ein pause på ei veke får eg vel skrive litt att her på bloggen. Då eg var på Setesdalskonferansen, hadde eg plan om å skrive litt frå alle foredraga, men dei kom så tett at det makta eg ikkje. Då eg kom heim, var eg trøtt, og det gjekk med notata som det ofte går, dei vart liggjande.

Så var det helg, eg tenkte at kanskje eg kan ta meg på tak og skrive litt om konferansen no. Men det vart det heller ikkje noko av. Ny veke kom med sine gjeremål, eg gløymde til og med å legge ut programmet for radioen denne veka her på bloggen.

Men det kan eg rette på no. Her er det:

Tysdag 14. april

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time
*Om fotballturneringa på Evje til helga. Samtale med Pål Danielsen
*Om Felleskjøpet Agder Rogaland. Samtale med Steinar Kyrvestad
19.30 Sangkveld. Inger Lise Stulien si nye plate Berre deg
20.30 Postludium. Rheinbergers sonate nr. 11 i d-moll
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 15. april

Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakt: Ingebjørg Helle Haugen

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer. Silje Marie Rygnestad Nesvaag på telefonen om psykologhelsetenesta
20.00 Ronnys time. Om verdsrommet uten grenser
21.00 Opi sending ved Harald Haugland

Så vart det torsdag og fredag. Denne veka gjekk fort. I går reiste Reidun til Nittedal for å vere barnevakt, så helga vert ikkje heilt som vanleg. Men det vert vel ei ordning likevel.

Og no er blogginga i gang att.

Heilårsveg til Sirdal

Share

Er det for seint? var tittelen på Jon P. Knudsen i sitt foredrag på Setesdalskonferansen i dag. Han synte trendar i samfunnet som heilt klart ikkje var til fordel for Setesdal, veksten i landet skjer i byområde som Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand. Dette illustrerte han med kart som synte både tilflytting og fråflytting.

Det hjelper ikkje kor ein er fødd om det ikkje er arbeid å få når ein veks opp, då flyttar folk. Så blir hus ståande tome og blir brukt i feriar og fritid. Han var klar på at statistikken ikkje fangar opp slikt, for folk brukar hus i større grad enn ein skulle tru. Det er ikkje stavnsbånd.

Eit anna trekk i foredraget hans viste at arbeidsmarknadene rundt byane har utvida seg, i dag snakkar ein om Agderbyen, ikkje om den einskilde by når det gjeld arbeidsmarknad. Difor kan ein bu på Byglandsfjord og jobbe i Kristiansand, det er overkommeleg pendlaravstand. Men lenger oppe i Setesdal er det vanskeleg, særleg for Bygland og Valle. Bykle klarar seg betre takka vere Hovden si sterke stilling som for fritidsbustader.

Ei løysing kunne vere at ein fekk datalagringa på Støleheia, det ville gjere at folk kunne bu lenger nord og pendle dit, men om det kom eit fengsel på Evje, vil det hjelpe meir.

Arbeidsplassar innan kultur burde nok og bli høgare vurdert, meinte Knudsen, det har vore game changers.

Men det som ville endre situasjonen dramatisk, ville vere om ein fekk bygd ein indre veg mellom Oslo og Stavanger. Den ville få eit vegkryss i Setesdal og all erfaring seier at vegkryss skapar aktivitet om ein vil ha aktivitet. Knudsen meinte at ei nordre linje via Ryfylke ikkje var noko gode for Jæren, så Setesdal burde sende ein delegasjon til Sandnes og få dei med på laget for å skape glød og glede for ein indre veg. Då er det ikkje for seint.

Regionrådet bør høyre på Knudsen og lage ein slik delegasjon og dei bør ikkje vente til Riksveg 9 har fått gul stripe, for det langsiktige arbeidet bør startast snarast.

Bærekraftig produksjon og etisk handel

Share

Dette var første tema på Setesdalskonferansen 2015. Sara Fosstvedt, 30 år gammal gründer av klesmerket Age of Enlightenment fortalde om bakgrunnen for engasjementet sitt der ho var oppteken av at produksjon av klede måtte bli berekraftig og etisk fundert og ikkje utnytte arbeidsfolk i den tredje verda.

Med bakgrunn frå marknadsføring av klede hadde ho teke utdanning innan dette både på BI og i Australia, men sidan reiste ho til Ghana og underviste folk som syr klede i marknadsføring. Ambisjonanen om å redde verda var store, så store at legen ba henne ta ein pause då ho kom heim.

Men etter kvart kom kreftene tilbake og ho allierte seg med venner frå skuletid og studietid og frå tida då ho arbeidde og i 2013 etablerte ho selskapet Kongla production som produserer klær i Fair Trade, betal litt meir slik at produksjonsarbeidarane får rettvis løn.

Med profesjonelle designarar og kolleksjonar oppkalla etter kjente folk som har stått for berekraft og rettferd har ho lukkast, kolleksjonane vart utselde.

At ho er ein marknadsførar av rang synte seg og i at ho hadde med skjorter for sal på konferansen, så no er det nok mange setesdølar som går i nye klede i dagane framover.

Gamle kvite menn med makt vil ikkje ha forandring, men de er komne på konferansen fordi de vil ha endring, så det er håp for Setesdal, avslutta ho.

Du kan lese meir om henne på Setesdalswiki
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Sara_Fosstvedt