Lukke til vidare

Share

I fem år har eit ungt ektepar budd i Valle. Eg møtte dei som elevar då dei kom for å lære norsk, flinke, vennlege og spente på kva livet ville by den vesle familien. Ho var karenar frå Myanmar, men med det meste av livet til no i flyktningeleiren Mae La, han karenar frå Thailand, like i nærleiken av denne store flyktningeleiren med 50.000 flyktningar.

Dottera vaks opp her i Valle og lærte seg norsk i barnehagen, slik dei fleste småbarna gjer her i bygda. Etter at introduksjonen var ferdig, sleit dei med å finne jobb, det er jo ikkje mange jobbar ledige, men etter kvart fekk dei jobb på Esso-stasjonen, ho vel i full jobb, han meir i deltid. Hjelp frå NAV gav grunnlag for ein forsiktig start, han fekk norsk førarkort og bil og då var grunnlaget for eventuelt å skaffe seg noko å gjere betre.

Særleg han opplevde nok at det ikkje var lett å lukkast i Valle, så etter å ha vurdert lenge fram og tilbake, enda det med at dei heller ville dra tilbake til Thailand, der han kom frå og hadde røtene sine. Ettersom han ikkje var flyktning, bare gift med ein flyktning, kunne dei det, og 2. påskedag sette dei seg på flyet på Kjevik for å returnere til heimbygda hans heilt nord i Thailand.

Vi vart glade i dei, det same opplevde vennene frå Myanmar, så det var mykje tårer på Kjevik då dei reiste. Eg var ikkje der, men dei fortalde det då skulen starta etter påske og eg møtte dei att.

Men frå mitt skrivebord vil eg ønskje dei lukke til vidare.