Valle Sparebank stenger filialen på Rysstad

Share

Neste torsdag er siste dag for Valle Sparebank sin filial på Rysstad. Det opplyste Vidar Homme då han i kveld var gjest i Haralds time og fortalde om resutlatet for banken i 2014. Banken har ein forvaltningskapital på 1,8 mrd. Årsmøtet vedtok å dele ut om lag 600.000 kroner til lag og foreningar i Valle etter at desse hadde søkt om stønad før 31. januar.

Men det er tid for omstrukturering i banken, og det eine årsverket som no forsvinn på Rysstad vil bli brukt i Valle. I dag har banken like mange folk som for 10 år sidan, men har 50 prosent fleire kundar, noko som syner at ein har rasjonalisert og effektivisert heile tida, fortalde han. No er 90 prosent av transaksjonane gjort av kundane sjølve, det er ganske få som framleis får utført tenester manuelt.

Men dei som får manuelle tenester på Rysstad, vil framleis få det, for banken vil setje opp ein postkasse på Sentrumsbygget og den vil bli tømt kvar morgon, posten teken med til Valle og handsama der same dagen. Dette kostar naturleg nok, medan bruk av nettbank er gratis, sa Vidar Homme, som og forsikra oss om at sponsinga av Valel Radio ville halde fram.

Grunnen til at ein nok kan stenge, er at ein har fått på plass ein ny minibank på Rysstad. Det er ein minibank som ein og kan setje inn pengar i, noko som var viktig for næringslivet der. Men den er no testa og fungerer, så då er alt klart for ei ny tid i banken sitt engasjement på Rysstad.

I 2014 tapte banken 2,2 millionar på utlåna sine, det er mindre enn gjennomsnittet for landet og mindre enn gjennomsnittet for banken dei siste åra. Det er viktig å ha låge tap, difor må banken alltid arbeide for å redusere risikoen. Kundene i banken er trufaste, det er ikkje mange som byter bank bort frå Valle Sparebank, men det kjem nye kundar til, noko vi alltid arbeider for og alltid må arbeide for, sa banksjefen, som og kunne fortelje at han fekk nokre takkebrev frå lag og organisasjonar som får gåver frå banken. For nokre dagar sidan fekk han ein twistpose, den gjekk på deling til dei tilsette.

Det førte oss inn på dropsa som banken bruka å ha på skranken, men som er borte no. Vi spøkte litt med at det er fordi ein ikkje vil ha kundene inn i banken, men ha dei til å bruke minibanken, men kanskje ein skulle ha ein dropsautomat som kunne levere ein drops for kvar tusenlapp vi tok ut. Som du skjønar, var det ein gemytteleg tone, Vidar Homme set pris på dei årlege samtalane om drifta av Valle Sparebank.