Heilårsveg til Sirdal

Share

Er det for seint? var tittelen på Jon P. Knudsen i sitt foredrag på Setesdalskonferansen i dag. Han synte trendar i samfunnet som heilt klart ikkje var til fordel for Setesdal, veksten i landet skjer i byområde som Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand. Dette illustrerte han med kart som synte både tilflytting og fråflytting.

Det hjelper ikkje kor ein er fødd om det ikkje er arbeid å få når ein veks opp, då flyttar folk. Så blir hus ståande tome og blir brukt i feriar og fritid. Han var klar på at statistikken ikkje fangar opp slikt, for folk brukar hus i større grad enn ein skulle tru. Det er ikkje stavnsbånd.

Eit anna trekk i foredraget hans viste at arbeidsmarknadene rundt byane har utvida seg, i dag snakkar ein om Agderbyen, ikkje om den einskilde by når det gjeld arbeidsmarknad. Difor kan ein bu på Byglandsfjord og jobbe i Kristiansand, det er overkommeleg pendlaravstand. Men lenger oppe i Setesdal er det vanskeleg, særleg for Bygland og Valle. Bykle klarar seg betre takka vere Hovden si sterke stilling som for fritidsbustader.

Ei løysing kunne vere at ein fekk datalagringa på Støleheia, det ville gjere at folk kunne bu lenger nord og pendle dit, men om det kom eit fengsel på Evje, vil det hjelpe meir.

Arbeidsplassar innan kultur burde nok og bli høgare vurdert, meinte Knudsen, det har vore game changers.

Men det som ville endre situasjonen dramatisk, ville vere om ein fekk bygd ein indre veg mellom Oslo og Stavanger. Den ville få eit vegkryss i Setesdal og all erfaring seier at vegkryss skapar aktivitet om ein vil ha aktivitet. Knudsen meinte at ei nordre linje via Ryfylke ikkje var noko gode for Jæren, så Setesdal burde sende ein delegasjon til Sandnes og få dei med på laget for å skape glød og glede for ein indre veg. Då er det ikkje for seint.

Regionrådet bør høyre på Knudsen og lage ein slik delegasjon og dei bør ikkje vente til Riksveg 9 har fått gul stripe, for det langsiktige arbeidet bør startast snarast.

Bærekraftig produksjon og etisk handel

Share

Dette var første tema på Setesdalskonferansen 2015. Sara Fosstvedt, 30 år gammal gründer av klesmerket Age of Enlightenment fortalde om bakgrunnen for engasjementet sitt der ho var oppteken av at produksjon av klede måtte bli berekraftig og etisk fundert og ikkje utnytte arbeidsfolk i den tredje verda.

Med bakgrunn frå marknadsføring av klede hadde ho teke utdanning innan dette både på BI og i Australia, men sidan reiste ho til Ghana og underviste folk som syr klede i marknadsføring. Ambisjonanen om å redde verda var store, så store at legen ba henne ta ein pause då ho kom heim.

Men etter kvart kom kreftene tilbake og ho allierte seg med venner frå skuletid og studietid og frå tida då ho arbeidde og i 2013 etablerte ho selskapet Kongla production som produserer klær i Fair Trade, betal litt meir slik at produksjonsarbeidarane får rettvis løn.

Med profesjonelle designarar og kolleksjonar oppkalla etter kjente folk som har stått for berekraft og rettferd har ho lukkast, kolleksjonane vart utselde.

At ho er ein marknadsførar av rang synte seg og i at ho hadde med skjorter for sal på konferansen, så no er det nok mange setesdølar som går i nye klede i dagane framover.

Gamle kvite menn med makt vil ikkje ha forandring, men de er komne på konferansen fordi de vil ha endring, så det er håp for Setesdal, avslutta ho.

Du kan lese meir om henne på Setesdalswiki
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Sara_Fosstvedt

Setesdalskonferansen 2015

Share

I dag klokka 12 starta Setesdalskonferansen 2015 på Bykle Hotell. 88 deltakarar står på lista, kanskje 15-20 var nye namn ut frå eit oversyn som Styrk Fjærtoft Trondsen fekk ved starten. Representantar frå næringsliv, offentleg sektor i stat og kommune og nokre politikarar kan her møtast og inspirere kvarandre.

Før konferansen starta hadde vi hatt ein nydeleg lunsj og mingla litt, så langt eg kunne skjøne har dei streva med å få plass til alle på hotellet, men med litt jenking, har det ordna seg.

Eg kjem til å skrive mange postar på bloggen i dag, eg vil prøve å få ned notat frå dei ulike samlingane. Tarald Myrum, som er styreleiar i Setesdal Regionråd, helsa velkommen. Berekraft og fornying er mottoet, og han vona at konferansen måtte føre til berekraft og fornying i kommunane i Setesdal.

Deretter kommenterte konferanseleiaren at det i år anten var tiande eller ellevte gongen konferansen vart halden. På den første konferansen var det fri bar, så folk hugsar ikkje så mykje frå den konferansen. Tida med fri bar er for lengst over, så folk hugsar nok betre etter kvart. Dermed bar det laust for første foredragshaldar, Sara Fosstvedt.