Reddande engel

Share

I kveld vart Signe Sollien Haugå ein reddande engel for Haralds time. Måndag gjorde eg avtale om at Jon Rolf Næss skulle fortelje om landsmøtet i Arbeiderpartiet der han vart vald til sentralstyret. Han lova å vere med, sjølv om han var på veg til Oslo denne kvelden. Men i kveld han tok ikkje telefonen, eg trur vi prøvde ein halv time, det ringde og ringde, men svar fekk vi ikkje.

Heldigvis hadde vi eit par opptak som Lotte Rysstad hadde laga, eit intervju med Elin Uppstad og eit intervju med Synne Åkre. Dei sende vi mens vi prøvde å få tak i Jon Rolf, sjølv om avtalen var å starte med han. I staden måtte eg prøve å finne ein som kunne vere med i staden, og då vart det Signe Sollien Haugå, ho er alltid villig om ho har høve.

I kveld hadde ho vore på styremøte i Husfliden Arendal og var på veg heim. Då vi nådde henne, var ho i Froland, og Signe har alltid litt av kvart å fortelje. I kveld vart det desse emnene vi snakka om: Ladestasjonar i Setesdal, Framtidsbygda 2015, Fagdag om bygningsvern 2015, Setesdalskonferansen 2015, Arendal Husflidsentral og Nordisk strikkesymposium 2015.

Regionrådet har vedteke å setje opp ladestasjonar i kvart kommunesentrum, så no kjem dei ved KIWI på Evje, ved Glashytta i Bygland, i Valle sentrum og ved Bykle Hotell. Det var ein stor jobb, for ein måtte nytte reglane for offentleg tilbod, det var mykje papirarbeid, fortalde ho, men lærerikt. Jobben med å fylgje opp prosjektet skal Geir Skjevrak ha og målet er å få dei på plass til ferien, det er mange som har spurt etter dette, og for Setesdal, som produserer meir elektrisk kraft enn det agderfylka treng, er det flott å profilere seg som den grøne dalen på denne måten. Men det er mykje som må gjerast for å få det på plass, mellom anna må ein sikre seg at ein har nok trafo-kapasitet.

Ein annan sak vi snakka om, var konferansen Framtidsbygda, som skal vere i Iveland 8. mai. Den er gratis, påmelding må skje innan 27. april. Signe var og oppteken av ein fagdag om bygningsvern som skal vere 12. mai. Der er og målet å koble saman folk som har gamle hus som treng reparasjon og fagfolk. Fagdagen skal foregå som ein busstur der dei skal innom både Slengen på Rygnestad og Åraksbø før dei endar opp på museet. Ho fortalde og at dei no sender ut spørjeskjema i høve Setesdalskonferansen 2015 for å få respons frå deltakarane om korleis dei opplevde konferansen.

Signe vart kveldens reddande engel for meg og fortener stor takk for at ho kunne vere med.