Heilårsveg til Sirdal

Share

Er det for seint? var tittelen på Jon P. Knudsen i sitt foredrag på Setesdalskonferansen i dag. Han synte trendar i samfunnet som heilt klart ikkje var til fordel for Setesdal, veksten i landet skjer i byområde som Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand. Dette illustrerte han med kart som synte både tilflytting og fråflytting.

Det hjelper ikkje kor ein er fødd om det ikkje er arbeid å få når ein veks opp, då flyttar folk. Så blir hus ståande tome og blir brukt i feriar og fritid. Han var klar på at statistikken ikkje fangar opp slikt, for folk brukar hus i større grad enn ein skulle tru. Det er ikkje stavnsbånd.

Eit anna trekk i foredraget hans viste at arbeidsmarknadene rundt byane har utvida seg, i dag snakkar ein om Agderbyen, ikkje om den einskilde by når det gjeld arbeidsmarknad. Difor kan ein bu på Byglandsfjord og jobbe i Kristiansand, det er overkommeleg pendlaravstand. Men lenger oppe i Setesdal er det vanskeleg, særleg for Bygland og Valle. Bykle klarar seg betre takka vere Hovden si sterke stilling som for fritidsbustader.

Ei løysing kunne vere at ein fekk datalagringa på Støleheia, det ville gjere at folk kunne bu lenger nord og pendle dit, men om det kom eit fengsel på Evje, vil det hjelpe meir.

Arbeidsplassar innan kultur burde nok og bli høgare vurdert, meinte Knudsen, det har vore game changers.

Men det som ville endre situasjonen dramatisk, ville vere om ein fekk bygd ein indre veg mellom Oslo og Stavanger. Den ville få eit vegkryss i Setesdal og all erfaring seier at vegkryss skapar aktivitet om ein vil ha aktivitet. Knudsen meinte at ei nordre linje via Ryfylke ikkje var noko gode for Jæren, så Setesdal burde sende ein delegasjon til Sandnes og få dei med på laget for å skape glød og glede for ein indre veg. Då er det ikkje for seint.

Regionrådet bør høyre på Knudsen og lage ein slik delegasjon og dei bør ikkje vente til Riksveg 9 har fått gul stripe, for det langsiktige arbeidet bør startast snarast.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *