Jordskjelv

Share

Eg skulle akkurat reise meg frå stolen og ta kvelden etter ei god økt med Edvard Hoem si bok Slåttekar i himmelen då det kom eit kraftig brak, det høyrdest ut som ein veldig stor lastebil som kjørte i stova over meg.

-Har det kome folk oppe no til 1. mai, tenkte eg, men det var jo underleg, dei pleier ikkje å bråke slik. -Eller var det kanskje torever?

Så vart det stille, eg tok kvelden og tenkte ikkje meir på det. Men då eg kom på skulen i dag, spurte kollega Øystein om eg hadde merka jordskjelvet.

Då fall bitane på plass. Sidan las eg om det både i fvn og agderposten, artiklar delte på facebook kan ein lese sjølv om dei er lukka om ein går inn frå avisa si heimeside. NRK har ikkje begynt med lukking enno, så for ein gongs skuld la eg inn notis på Setesdalswiki sin datoartikkel for 30. april 2015 ei hending som ikkje var eit kulturarrangement. Eg la også lenka til nrk sin artikkel om saka der.
http://www.setesdalswiki.no/wiki/30._april_2015

Då eg kom til Bygland og svinga innom Setesdølen, møtte eg Ole Birger Lien, som var mildt sagt sur fordi han hadde sove så godt at han ikkje merka nokon ting. Eg fortalde kva eg hadde opplevd i natt, og han tok bilete av meg og ville ha ein lokal som kunne seie litt.

Sjølv tenkte eg litt på at episenteret var ved Blåsjø og laga ein liten artikkel om Blåsjø på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Bl%C3%A5sj%C3%B8

Eg snakka litt med Ole Birger om at Blåsjø er kunstig og at 14 dammar er bygde for å skape kraftmagasinet og lurte litt på kor jordskelvsikre dammane for alle kraftmagasina i Setesdal er. Om han går vidare på den tanken, kan du sjå i Setesdølen til tysdag. Kan hende må eg sjølv ta ein prat med Reidar Mork om det i Valle Radio neste veke.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *